Finalistane til Innovasjonsprisen klare
Sju finalistar frå sju kategoriar er no valde ut.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sin nyoppretta pris går til innovativ nyskaping av produkt, tenester og omgjevnader, for eit universelt inkluderande samfunn. Her er dei sju kategorivinnarane:
Møbel og interiør: Scandic Oslo Airport

Hotellinteriør for hotell ved Oslo lufthavn, designa av interiørarkitektfirmaet Arkitektarna Krook & Tjäder AB og arkitektfirmaet Narud Stokke Wiig Sivilarkitekter AS.
Arkitektur: Margarinfabrikken barnehage

Barnehage på Sagene i Oslo kommune, teikna av NAV AS Arkitekter.
Transport: Hurtigbåt i Rogaland

Katamaran for effektiv transport av passasjerar frå Tide Sjø, bygd ved Brødrene Aa AS.
Produkt: TUVA bestikk

Bestikkserie for alle frå Hardanger Bestikk, designa av Per Finne industridesign AS.
Landskapsarkitektur: Schandorffs plass

Parkområde i Oslo fra Østengen og Bergo, med byggarkitektur frå Höegh Eiendom AS.
Teneste og interaksjon: Yr.no

Værvarsel på nett frå NRK og Meteorologisk institutt.
Grafisk design: Blanke Ark

Valutstyr frå Kommunal- og regionaldepartementet, designa av Kadabra, Innovativoli og Blueroom.
Heidrande omtale
Fire priskandidatar, av dei 47 kvalifiserte for juryering, er lyfta fram med heidrande omtale:
– Fengselsinteriøret i Halden Fengsel, designa av interiørarkitekt Beate Ellingsen AS, HLM Arkitektur AS og Erik Møller Arkitekter AS.
– Fiskebruer på Myrbærholmen, teikna av Arkitektkontoret Manthey Kula AS.
– Mobilapplikasjonen Trafikanten sanntid, frå Trafikanten, designa av Shortcut AS.
– Vatnkaraffelen Magnor Include, frå Magnor Glassverk, designa av Innovativoli Industridesign.
Vinnaren av Innovasjonsprisen blir kåra 2. november, og prisen blir overrekt 17. november.
I juryen sit Mikael Snaprud, Marianne Støren Berg (vara Per Finne), Sigmund Asmervik, Liv Kari Eskeland (vara Gunn Schmitthenner), Guro Fjellanger, Dave Vikøren, Eirin Ryeng og Ole Christian Bergan.
Sjå fleire bilete av finalistane og få meir informasjon om prisen på norskdesign.no.