Nyheter

Europan 11 er i farta

Tre norske tomter er med som lokalitetar i verdas største arkitektkonkurranse for unge arkitektar. Han er no i gang, og har innlevering midt på sommaren.

Europan 11 sine mange tevlingstader. Illustrasjon: Europan Europa

Europan 11 tek utgangspunkt i den globale miljøutfordringa som den ytre ramma for leiting etter økonomiske, sosiale og kulturelle strategiar og idear for utforming av urbane rom med respekt for særpreget til stadene.

 

Dei norske tomtene ligg i Haugesund, Oslo og Skien/Porsgrunn. I Haugesund dreier oppgava seg om å finne løysingar for sameksistensen mellom det historiske sentrum og Flotmyr, eit delvis ubrukt område. I Oslo vil ein ha framlegg til transformering av søppelfyllinga på Grønmo, og for tvillingbyane Skien og Porsgrunn spør ein etter berekraftige løysingar for ei felles byutvikling.

 

Men attåt dei norske tomtene kjem eit halvt hundre andre, spreidd omkring i Europa.

 

Arkitektar, landskapsarkitektar og planleggjarar under 40 år kan vere med i konkurransen. Fristen for levering av framlegg er 30. juni 2011.

 

Øystein Rø i kunst- og arkitekturgalleriet 0047, tlf. 41 16 16 23, har meir informasjon. Det har òg www.europan-europe.com