Nyheter

EØS stør Oskar Hansen

Bergen Arkitekthøgskole og Museum of Modern Art i Warszawa skal løfte fram Oskar Hansens bidrag til arkitektur og visuell kunst.


Fra Oscar Hansens arbeid med «Open form» Foto: Oskar Hansen Archive, gjengitt med tillatelse av Igor Hansen
Oscar Hansen og Pierre Jeanneret Foto: Oskar Hansen Archive, gjengitt med tillatelse av Igor Hansen
Oscar Hansen og Pierre Jeanneret Foto: Oskar Hansen Archive, gjengitt med tillatelse av Igor Hansen

Mykje av undervisninga ved Bergen Arkitekthøgskole (BAS) har vore bygd opp ikring idear utvikla av arkitekten, kunstnaren, teoretikaren og pedagogen Oskar Hansen. No skal arven førast vidare i eit norsk-polsk prosjekt med 1,2 millionar kroner i EØS-stønad. Samarbeidet skal mellom anna resultere i ei utstilling i Barcelona.

 

Forma Otwarta / Open Form

Oskar Hansen (1922-2005), født i Helsinki, utdanna seg til arkitekt i Warszawa, dreiv med måling og skulptur ei tid, drog til i Frankrike, Italia og England, trefte Le Corbusier, var med i Team Ten og publiserte i 1959 «Open Form manifesto». Her kritiserer han bustadbygg som ikkje tek omsyn til at bebuarar er ulike individ, og som blir ståande som stivna monument over arkitekten. «There is no way to find your identity here – your own self. All these are somebody else's souvenirs, feelings, somebody else's houses and housing settlements,» skriv han (omsett av Katarzyna Murawska-Muthesius).

 

Den lukka forma treng eit alternativ, og her kjem bidraget frå Oskar Hansen inn: «Right now we are able to begin the creation of a new organic art of our time, the art that is compositionally based on the open form. It will awake the desire of existence for every one of us, it will help us to define ourselves and find ourselves in the space and time in which we live.» Det dreier seg om komposisjonar som er «a multi-layered phenomenon, constantly alive,» og vidare: «It will be the art of events.»
 

Seinare førte han tankane om «Open Form» vidare til bruk ved planlegging av bustadområde, byar og regionar.


Eitt av fleire polsk-norske kulturprosjekt

Mange tok til seg impulsane, og dei fann òg vegen til Noreg.

 

«Dette er en felles arv som Norge og Polen deler. Denne tildelingen gjennom EØS-midlene gir en unik mulighet for begge institusjoner til i fellesskap å dokumentere, videreutvikle og promovere Oskar Hansen sitt viktige bidrag,» heiter det frå arkitektskulen i Bergen, der dei omtalar hovudpersonen som «framstående polsk-norsk arkitekt, kunstner, teoretiker og pedagog». Han hadde da også norsk bestefar.
 

Samarbeidet om Oskar Hansen er elles berre eitt av 20 polsk-norske prosjekt, som deler 32 millionar i EØS-middel etter avgjersle i det polske kulturdepartementet, ifølgje nettsidene til Norsk Kulturråd, den mektige norske kulturinstitusjonen som kvart år gjødslar det norske kulturlivet med meir enn ein milliard kroner.
 

Det største bidraget går til eit musikkhistorisk prosjekt der Ringve Museum, Trondheim Symfoniorkester, Norsk senter for folkedans og folkemusikk og Den Polske Forening i Fredrikstad skal samarbeide med The Fryderyk Chopin Institute. Her er stønaden på 5,8 millionar kroner.
 

Litt over 600 000 kroner går til eit fellesprosjekt mellom ICOMOS-avdelingane i Noreg og

Polen. ICOMOS står for International Council on Monuments and Sites. Prosjektet dreier seg om handtering av kulturobjekt på World Heritage-lista til Unesco.
 

Mykje meir å hente ut

Norge gir EØS-bidraget saman med Island og Liechtenstein. Det er middel til «sosial og økonomisk utjevning i Europa», og pengane går til prosjekt innan miljøvern, folkehelse, forsking, kulturarv og kulturutveksling.
 

Ti av femten mottakarland har kulturutvekslingsprogrammer. Noreg samarbeider med Polen, Latvia, Litauen, Tsjekkia, Portugal og Romania. Det polske programmet er det største, med om lag 75 millionar til disposisjon og snarleg ny utlysing for den resterande halvparten. I alt opp imot 200 norske millionar er sett av til prosjektsamarbeid dette året, og i fleire av programma er eigenandelen på berre 10–15 prosent.
 

Norsk Kulturråd har meir informasjon.

Oscar Hansens arbeid med «Open form» Foto: Oskar Hansen Archive, gjengitt med tillatelse av Igor Hansen
Oscar Hansens arbeid med «Open form» Foto: Oskar Hansen Archive, gjengitt med tillatelse av Igor Hansen