Skam, skuld og fordømming
Kva skal ein gjera med kjærleik mellom studentar og veilederar? Når har ein gått for langt og når balansera ein på grensa, spør arkitekt Maria Helena K. Nerhus.

Bachelorstudentar i arkitektur feirar bestått eksamen. Det har våre ein intens periode med delpresentasjonar og ymse oppgåver i tillegg til eiget prosjekt. Lærarar har gjett av heile seg for å vere tilgjengelege og validere både i faglege og psykiske utfordringar studentane møter på. Tillitsband mellom student og lærar veks naturlig i gjensidig respekt og vennskap formast. Alle har sin personlege erfaring av den same livshending – å levere bachelor.
Ein situasjon tolkast subjektivt. Menneskjer dansar på dansegolvet. To meir enn andre. Det går over til samtale i form av å stå tett og snakke inn i øyre for ikkje å bli overdøyvd av musikken. Ein liknande hending nokre år tilbake i tid, til ein fest der ein 3. klassestudent og ein lærar dansa saman. Den djupe samtalen på dansegolvet fortsette på vegen heim frå festen og inn ei dør. Det var kjærleik. Affæren forsette medan lærar var rettleiar for studenten. Undervisningsløpet i arkitektur krev mykje av alle involverte partar og forelskelse oppstår lett – uavhengig av sosial status.
Det oppstår støtt og stadig små rom som er vanskelig å forhalda seg til. Dei kjem til syne i konflikt mellom subjektiv fascinasjon og overordna moral. Det er rom som opnar opp for handlingar og interaksjonar i gråsona mellom rett og galt. Det er vanskeleg å navigere i situasjonen som oppstår mellom to. Når har ein gått for langt og når balanserer ein på grensa?
Eg finn det sjølv vanskeleg å skrive denne teksten, og eg spør meg sjølv om eg er i ein posisjon til å løfte dette temaet? Eg har gått nokre rundar med meg sjølv og dvelt over om det ligg ein potensiell risikofaktor for meg i å skrive om det? Det er eit vanskeleg tema då det er tabubelagt og tett knytt opp mot kjensler som skam, skuld og fordømming. Det er ikkje lett for nokon å snakke om skuggespel. Det er ikkje til å stikke under stol at dei fleste har høyrt ein historie eller kjenner nokon som kjenner nokon som kryssa grenser. Trua på å skape rom for den ubehagelege samtalen trumfa.
Lærar-studentrelasjonar er noko eg har tenkt på etter eg vart ferdigutdanna arkitekt. Det var mykje spøkefull snakk om det blant studentane. Men nå når eg ser tilbake på det er det med blanda kjensle. Det er vanskeleg å artikulere kva som er vanskeleg for det er jo openbart, sjølv om ein møtast menneske til menneske, er læraren i ein maktposisjon.
Det eg etterlyser er at utdanningsinstitusjonar, professorar og lærar diskutera, definera og synleggjer grenser.

Tilbake på dansegolvet får læraren ein kommentar frå sidelinja om at han ikkje måtte gjere noko dumt. Han reagerer med sinne og spør hypotetisk «korleis skal eg oppføre meg då?», som om han alt er skyldig i noko. Eg trur det er her, i den krasse motstandsmekanismen av eit svar, kompleksiteten og kor sårt sort punkt det er kjem til syne. Læraren kunne ha svart roleg at det ingenting å bekymre seg over. Det handlar ikkje om at ein ikkje kan feire saman med studentar. Det handlar om modnad og refleksjon, meir enn restriksjonar på oppførsel.
Menneskjer skapar og utfoldar oss saman med andre. Våre handlingar, tankar og reaksjonar set retning for morgonen som kjem. Ser ein tilbake på arkitekturhistoria finn ein fleire dømer på at arkitektprofessorar vart saman med studentar eller tidlegare studentar. Det kjem nok ikkje til å endre seg med det fyrste, men korleis arbeider ein som institusjon rundt det?
Det er nok mange hemmelegheiter som aldri blir delt, nokon fine – andre vanskelege. Eg undrar meg over om det beste er å bare la slike situasjonar gå i det skjulte eller om ein bør reagerer sterkare og ha ein meir open dialog om grenser.
Det eksisterer fleire formelle verktøy og artikulerte retningslinjer på papir, som gjerne kjem til syne fyrst når grenser er tråkka over. Ulike utdanningsinstitusjonar har ulike interne miljø og kulturar. Eg saknar ein konsekvent praksis som løftar kunnskap om retningsliner inn i det dagligdagse og medmenneskelege. Me treng å skape ein kultur der ein snakkar med folk heller enn å snakke om folk.
Eg ser eit forbetringspotensial i form av å ufarleggjere samtalen om relasjonar mellom lærar og studentar, slik at det dannast eit grunnlag for openheit mellom institusjonar, tilsette og studentar. Og eg oppmodar utdanningsinstitusjonar, studentråd, fagforeiningar til å reflektere over korleis dei sjølv posisjonerer seg og kva utfordringar dei har. Ein kan kartlegge risikofaktorar og forbetringspotensial som utgangspunkt for å etablere gode miljø.
Det er ikkje nødvendigvis snakk om seksuell trakassering når det kjem til relasjonar som oppstår mellom lærarar og studentar. Det er gjerne tosidig, like gjerne studentar som flørtar og tar initiativet, men ansvaret for å sette grenser fell tyngst på læraren. For det er ikkje alltid studenten er klar over det skjulte maktforholdet som ligg innebygd i ein lærarrolle og kva konsekvensar grenseoverskridande handlingar kan medføre.
Ved å trygt og objektivt belyse områder for forbetring, samarbeid og kommunikasjon kan ein avverje potensielt skadelege situasjonar - som i verste fall gjer at involverte partar sluttar på studiet, sykemeld seg eller får sparken.
For om ein saman ufarleggjer emnet ved å anerkjenne at det stadig oppstår hendingar i gråsonelandet, kan ein etablere gode rutinar som styrkar eit trygt fellesskap. Det er eit universelt tema som rommar alt frå små kommentarar til utøvande handlingar. Difor er det både enkelt og viktig å løfte dialogen over subjektive erfaringar og heller snakke om strukturelle tendensar i miljøet. Eg skal kunne skrive om dette temaet utan å kjenne eit ubehag.
Hypotetisk spør eg kor langt skal ting gå før det er ok å seie i frå? Ufarlege og uskyldige hendingar slik som at lærarar liker studentar sine personlege selfier på Instagram, er det innafor? Kva reaksjonar kan moglegvis oppstå? Er dette kategorisert som oversensitivt? Då eg var på utveksling til Canada var det ein etablert norm at lærarar ikkje late att døra til lærarrommet når dei hadde samtale med ein student. Som utvekslingsstudent frå Noreg undra eg over det. Kvifor det?
I fleire tilfelle er hierarkiet usynleg i den institusjonen eg har min utdanning frå. Dette er også ein del av styrken og fridommen til institusjonen. Og ja, eg meiner at ein til dagleg skal kunne tulle og flørte vidare utan at ein legg noko i det, men det å artikulere standpunkt, normer og rutinar har ikkje nokon part noko å tape på. For dei faktisk grenseoverskridande hendingar som kan oppstå veg tungt for dei involverte partar.
Det ligg eit ansvar hos institusjonane til å aktivt og kontinuerleg arbeide med å vareta lærarars og studentars beste, også når det kjem til hendingar i gråsoneland. Lærarar knytt til arkitektinstitusjonar har ofte glidande roller, og det er høg gjennomtrekk av lærarar engasjert i kortare periodar. I mylderet av møtepunkt kan det både vere lett å avskrive seg ansvar og utfordrande å danne eit overordna overblikk. Difor er det viktig å bevisstgjere lærarane om ansvarsrolla dei får når dei går inn som lærar, og kva dette inneber for å forsterke eit sunt studie- og arbeidsmiljø.
Eg konkluderte med at det kostar meg mindre å invitere til dialog, oppmode institusjonar til å gå ein runde med seg sjølv, og oppfordre dei til å få i stand gode praksisar, enn nokon som står i det, eller har stått i det.
Maria Helena K. Nerhus
arkitekt