─ Eit av dei mest truga kulturminna i Europa
Den europeiske kulturminneorganisasjonen Europa Nostra har kåra Y-blokka til eit av dei mest truga byggverk i Europa.

Bygga på lista har ifølgje Aftenposten høg arkitektonisk verdi og har eit umiddelbart trugsmål hengjande over seg. Sjølv om Y-blokka nå er vedtatt rive, har Fortidsminneforeningen på nytt føreslått å nominera bygget til Europa Nostra si liste over dei mest truga bygga i Europa. Målet er å stansa rivinga av Y-blokka.
─ Tydeleg beskjed
Til Aftenposten seier generalsekretær i Fortidsminneforeningen, Ola Fjeldheim, at det skal vera mogleg å snu i Y-saka. Han seier til avisa at han ikkje kjenner til at eit bygg har blitt nominert to gonger av Europa Nostra.
– Dette er ein tydeleg beskjed frå Europas viktigaste kulturvernorganisasjon om at Y-blokka ikkje berre er eit spørsmål for oss her i Noreg, men for heile Europa. Me veit at det framleis er mogleg å snu. Det er berre opp til politikarane og regjeringa, seier Fjeldheim til avisa.
Bygg i godt selskap
Blant andre nominerte på kortlista for Europas mest truga kulturminne, finst det albanske nasjonalteatret, Sammezzanoslottet i Toscana og borga i Beograd. På heimesidene sine grunngir kulturminneorganisasjonen Europa Nostra valet om å kortlista Y-blokka med at regjeringsbygningane er eit symbol på motstandskrafta til dei demokratiske verdiane som 22. juli-terroristen ikkje klarte å øydeleggja.