Nyheter
Arkitekturens år 2011:

Ei annleis kveldsvandring i nord

Søndag 27. februar fekk 4-500 tromsøbuarar ei ny og magisk kveldsoppleving langs eit av dei mest attraktive og sentrale sjøområda i Tromsø by.


Flammeslukarshow! Foto: Turid Karlsen

Faklar viste veg gjennom bygde og ubygde område der dei vandrande fekk ein smak av mellom anna musikk, dans, nysirkus, skulptur og mat.

 

Som urban by står Tromsø i ein unik posisjon når det gjeld nærleik til natur- og friluftsområde. Med kulturarrangementet «Strandpromenaden» vart det sett fokus på sjønære byrom og viktigheita av tilgjenge til sjøen, samanheng og heilskap. Kulturvandringa var eit av fleire arrangement i regi av Nord-Norges Arkitektforeining i samband med Arkitekturens år.

 

Sjøen har ein opplevingskvalitet med stort potensiale, men kontakten mellom land og vatn manglar stadvis tilrettelegging. Strandpromenaden denne februarkvelden sette akkurat dette på dagsorden. Her kunne den vandrande sjølv kjenne på opplevinga og sjå potensialet dette området har, akkompagnert av varierte kulturinnslag.

 

Gratisbussar frakta folk til og frå det om lag to timar lange arrangementet. Grunneigarar og huseigarar rydda på eige initiativ området der promenaden skulle gå. «Hær har æ aldri gådd før», sa ei dame, mens ho forundra tok imot ei gratis bolle og nærma seg eit industriområde. Der stod musikkgruppa JuellGroup mellom containerar og maskinar, og framførte eigenkomponerte låtar spesielt for promenaden. Ungdomsgruppa Kulta viste sine akrobatiske kunster og flammeslukarshowet sette store auger på ein liten gut som måtte spørje flammeslukaren om han faktisk var ein drage…

 

Trass i kranglete vêrgudar var oppslutninga og responsen på arrangementet over all forventning. Strandpromenaden appellerte til, og engasjerte tydelegvis mange. At behovet for tilrettelegging og sosiale arenaer er ønska kan kanskje fylgjande utsegn frå ein vandrar vitna om: «Kan ikkje dokker arrangere de hær kvær hælg?».

Sjonglering i blå kulisser. Foto: Marie Engh
Sjonglering i blå kulisser. Foto: Marie Engh