Den sirkulære hovudstaden
Ved å gjenbruke heile bygg vil LPO arkitekter ta vare på klima, miljø, historie og identitet i Longyearbyen.
Fra papirutgaven Arkitektnytt 02/2020

Sirkulær økonomi
Sirkulærøkonomi handlar om å halde produkt og materialar i økonomien så lenge som mogeleg. Slik vil ein redusere råvarebruk, avfall, utslepp og energiforbruk til eit minimum. Det tyder at ein nyttar materialar om att, gjerne på nye måtar.
I dag byggjer samfunnet på ein lineærøkonomi, der me produserer nytt og kastar gamalt.
91 prosent av materialane og ressursane me hentar ut frå naturen, blir ikkje brukt om att, men kasta som avfall.
Dei siste 40 åra har årleg utvinning av materialar meir enn tredobla seg. Dagens ressursbruk er ikkje berekraftig. Kjelde: Circular Norway
Ei gravemaskin lyser opp den polarmørke dagen og buldrar mellom bustadhusa like utanfor sentrum i Longyearbyen. Varsamt plukkar ho eit rekkehus frå kvarandre og legg materialet fint i haugar.
19. desember 2015 tok eit snøskred elleve hus i dette bustadfeltet, som blir kalla Lia. To personar døydde. I februar 2017 gjekk eit nytt skred og blåste gjennom eit rekkehus litt lenger sør. Etter skreda kom nye naturfarekart basert på klimaframskrivingar. Som ei følgje av dette skal 140 bustader fordelte på 30 bygg, fjernast.
På same tid som myndigheitene la planar for sikring og fjerning av bygg i Longyearbyen, vart det bestemt at Noreg skal avslutte kolgruvedrifta i Svea, ein kort pendlarflytur søraust for Longyearbyen. Heile samfunnet skal byggjast ned. Over hundre bygg skal fjernast i tillegg til infrastruktur.
– Store Norske kalla det eit miljøprosjekt, og me byrja å tenke på all den bygningsmassen som skulle sendast ned som søppel både frå Svea og Lia, og om den kunne nyttast som ein ressurs lokalt, seier arkitekt og partnar Ingvild Sæbu Vatn ved LPO arkitekters svalbardkontor.
Lang transportveg
Land som Nederland og Danmark har allereie jobba ei stund med sirkulærøkonomi. Der jobbar dei i hovudsak med å gjere gamle materialar til nye. På Svalbard såg LPO potensialet for å flytte heile bygg. I tillegg kan bygg sjåast som materialbankar, ein viktig lokal ressurs med særmerkt identitet.
Vatn meiner at å få til ein sirkulær økonomi, kanskje er spesielt viktig på øygruppa langt nord i ishavet. Longyearbyen ligg tusen kilometer nord for Tromsø og har ikkje eigne naturlege byggematerialar, berre drivtømmer og stein av dårleg kvalitet.
– Det er rart, folk her føler seg veldig miljøvenlege, men så er me eigentleg verstingane, seier Vatn.
Byen får i dag energi frå Noregs einaste kolkraftverk. Både folk, mat, materialar og søppel som skal til eller frå byen, blir frakta med båt eller fly.
Klimagassreduksjonen ved gjenbruk er stor. Transportutsleppa med å flytte 20 hyblar
lokalt vil vera 176 kilo CO2, mot 83 000 kilo CO2 ved å byggje nytt med materialar frå fastlandet. Det viser tal Vill Urbanisme har utarbeidd for LPO.
– Me har møtt mykje gjenklang hjå folk rundt oss. Kanskje har me vekka nokon, for andre har gjenbrukstankegangen ulma lenge. Eg meiner me har treft planken med tanken om gjenbruk og sirkulær økonomi, seier Vatn.


Foreslår eigen Svalbard-tek
Lokalstyreleiar Arild Olsen er ein av dei som har ulma og no er blitt tent. Han meiner byen må ha store miljømål og ynskjer ideen om ein sirkulær hovudstad velkommen.
– Eg trur alle som er opptekne av miljø og klima skjønar at den fjerde industrielle revolusjonen vil krevje ei heilt anna tenking enn i dag. Det gjeld både forbruk og kva resirkulasjonstakt me har, seier han.
I Longyearbyen har det lenge vore utbredt kjøp og sal av utstyr og inventar gjennom ei side på Facebook. No ligg mykje til rette for at samfunnet kan løfte blikket og tenkje gjenbruk i langt større grad, meiner Olsen.
– Longyearbyen har eit eige skattesystem, me ligg utanfor Schengen og utanfor Fastlands-Noreg sine normer og reglar for økonomisk tenking. Det gjer oss godt eigna som test-arena for sirkulærøkonomi for Noreg som nasjon, seier han.
Med andre ord gjeld ikkje TEK 17 på Svalbard. Olsen meiner øygruppa kan innføre sin eigen Svalbard-tek, som løner og tek utganspunkt i resirkulering. For Longyearbyen lokalstyre vil det vera billigare å prosjektere og bestille opp ein lagerhall frå fastlandet enn å skru ned og sette opp att ein av dei nye hallane frå Svea.
– Skal gjenbruk fungere, må me endre måten me tenkjer økonomi på. Miljø- og klimavinst må reknast inn, til dømes ved å innføre CO2-kvoter på bygg, seier han.
Lokalstyreleiaren innser at måla er hårete og at det vil krevje mykje arbeid for å nå dei, men forventar at prosjektet vil bli hylla sentralt.
– Alle som har ei interesse for klima og miljø skjønar at dette er viktig, og Longyearbyen og Svalbard har ei unik mogelegheit. Me har tilgang på bygg som skal sanerast og me kan lage vårt eige regelverk, seier han.
Spelar viktig rolle
Lokalstyreleiar Olsen meiner arbeidet til LPO har vore ein føresetnad for å få til gjenbruksprosjekta i byen. I fjor presenterte arkitektkontoret prosjektet «Rett Plass Rett Form», der dei lanserte ideen om Longyearbyen som sirkulær hovudstad.Det enda i ei utstilling der dei mellom anna viste korleis bygningar frå Lia kunne flyttast og nyttast til å laga ein grøn gartnar-oase i byen. Dei viste òg korleis det kunne vera mogeleg for Svalbard folkehøgskule å dekka arealbehov gjennom å bruka gamle bygg kopla saman på ein ny måte, og dei lanserte ideen med å gjera Longyearbyen til ein sirkulær hovudstad.
Vatn fortel at dei har jobba aktivt med å få til samarbeid mellom ulike aktørar.
– Sjølv om Longyearbyen er liten, sit alle med sin haug problem dei prøver å få løyst. Dei tenkjer ikkje nødvendigvis at det kan vera lurt å samarbeide med dei som sit på haugen på den andre sida, seier ho.
Vatn meiner at det kan vere særs nyttig for arkitektar også andre stader å ta ei slik koordinerande rolle, vera det ho kallar for arkitektørar.
– Me kan teikne, og det er eit mektig verkty. Me har kunna teikne på kart og bygg og
visualisere det me snakkar om. Teikninga hjelper folk til å snakke saman på tvers av fag og ulike interesser. Når du teiknar noko, blir det konkret og vanskeleg å misforstå.

Konkrete prosjekt
Ved sida av bygningen som gravemaskina ryddar bort i Lia, står det ei rekke med kalde bodar. Dei er truleg dei første bygga som får ta pelebeina fatt, og skal etter planen flyttast til andre hybel- og leilegheitsbygg i byen. Kalde bodar til snøskuter og anna utstyr er nemleg mangelvare.
Å finne ein plass til den grøne oasen med gartneri og gartnarbustad blir det òg jobba vidare med, og ei samling einebustader, kalla Millionbyen, kan få ny adresse når arbeidet i Lia går inn i neste byggjetrinn. Flytting blir det truleg òg for eit par av dei nyaste leilegheitsbygga frå Lia.
Longyearbyen er kald og vêrhard, og mange av bygga her er særs lite energieffektive. Det skaper utfordringar for energiverket som slit med å laga nok fjernvarme.
– Korleis skal de sikre at husa blir bra nok til å møte dagens standardar?
– Me tenkjer det går ein balansegang der. TEK 17 baserer seg på at bygga skal bruke lite energi i bruksfasen, men det er store mengder materialar, installasjonar og teknikk som skal til for å settje opp husa. Her i Longyearbyen treng me ikkje fleire bygg enn me har no. Eg tenkjer at hovudproblemet med dei me har, er at vindsperra er broten. Det viktigaste vil vera at husa får skikkeleg god vindtetting. Om dei i tillegg får rundt ti centimeter isolasjon ekstra, trur eg det vil vera optimalt om ein ser materialbruk opp mot effekt. Målet vårt er at desse husa skal bli like gode som nybygg. I tillegg har dei ei historie, dei har husa gruvefamiliar, det er bygg som høyrer heime her, seier Vatn.
Det er òg planer om at to hallar frå Svea skal settast opp i Longyearbyen. Eit tidlegare magnetitt-lager vil Avinor setja opp ved flyplassen. Den andre er ein stor verkstadhall som aldri vart teken i bruk, med løpekatt og alt av utstyr. Den er tenkt satt opp på kaia i Longyearbyen, for å vera verkstad for Longyearbyen lokalstyre og Store Norske.
I tillegg har LPO lagt til rette for at arkitektstudentar får koma til Longyearbyen i februar og byggje badstue av gamle materialar.


Gir bort innbu
Husa i Lia er eigde av Longyearbyen lokalstyre, Statsbygg og gruveselskapet Store Norske. – No i første fase har me ei utfordring med at bygg blir rivne før me har apparat til å ta imot dei, men noko får me til, seier dagleg leiar Marit Devik i Store Norske Boliger.
I haust opna ho bustadane som skulle sanerast slik at lokalbefolkninga kunne koma og henta det dei hadde bruk for av lausøyre som skåp, kjøkkeninnreiing, lamper og brytarar. No som byggekonstruksjonen blir riven, får befolkninga òg tilgang på dører og vindauger. Det skal byggjast ny miljøstasjon i Longyearbyen, og prosjektet har blitt spurt om materialar frå Lia kan nyttast til å bryte opp fasaden der.
– Det tykkjer eg hadde vore heilt suverent, seier Devik.
Ein by med meining
LPO arkitekter fekk like før jul støtte frå Doga-prosjektet Designdrevet innovasjonsprogram for å utforma ein metodikk for gjenbruk av bygg og materialar.
– Me veit ikkje kva me vil møte av problem når me faktisk skal gå i gang med å flytte bygga. Kva krav vil bli stilt til dokumentasjon, kva seier banken og kva seier forsikringsselskapet? Eg vil anta at me møter på fleire vanskar, seier Vatn.
Ein annan viktig del av prosjektet er å kartleggje kva behov Longyearbyen har. Derfor har arkitektane hatt møte både med utbyggjarar, sosialantropologar og ulike deler av befolkninga for å sjå kva funksjonar som trengs. For kva skal Longyearbyen vera no som Noreg ikkje lenger skal ta ut kol? Arkitektane har til mål å ende med eit konsept der dei slår saman behova til fleire brukarar og nyttar bygg som elles må sanerast, i nye kombinasjonar.
– Me ynskjer å finne nye offentlege arenaer og funksjonar for framtidas Longyearby. Me veit me skal vera til stades fordi den norske stat skal ha eit samfunn her, men kva er eit meiningsfullt nærvere? spør Vatn, før ho svarar seg sjølv:
– Me må gjera noko me trur på, som gjer at ungane som veks opp her, får ei tilknyting til ein by som er ekte, ærleg og ordentleg. Ikkje noko som kjennest som eit falskt eller konstruert samfunn. Eg er ikkje med på at du kan plassere menneske i fleire generasjonar utan at dei får ei tilknyting til staden, landskapet og naturen.