Sentral godkjenning

Brexit-avtale påverkar sentral godkjenning

Innhaldet i skilsmisse-avtalen mellom britane og EU påverkar overgangsordninga for sentral godkjenning, som nå er utsett til 2022. 


Brexit-avtalen denne gjengen har forhandla seg fram til i Brüssel, kan påverka reglane for ansvarsrett for arkitekturprosjektering. Foto: Wikimedia Commons

Sentral godkjenning og ansvarsretten

  • Regjeringa har oppretta eit ekspertutval som skal vurdera tiltak for å sikra god kvalitet og seriøsitet i byggjenæringa.
  • Sentral godkjenning er eitt av mange element som blir vurdert i denne samanhengen. Ordninga blei innført 22. januar 1997. 
  • Den mest kontroversielle endringa som kan innførast, er at fagskuleutdanning vil kvalifisera til sentral godkjenning og ansvarsrett i byggjesak innan fleire funksjonar og i høgare tiltaksklasse enn tidlegare. 
  • Dette vil i praksis seia at fagskuleutdanna får ansvarsrett for prosjektering av arkitektur. Det er i dag berre masterutdanna arkitektar og ingeniørar som kan ha dette ansvaret. 
  • Overgangsordninga gjer det mogleg for føretak som før har fått godkjenning, å søkja om ny godkjenning etter kvalifikasjonskrava slik dei blei praktisert før 1. januar 2016.
  • Brexit-avtale kan påverka godkjenning av britisk fagskuleutdanning, og skal derfor takast med i vurderingane.
  • Overgangsordninga har allereie blitt utsett frå 1. juli 2018 til 1. juli 2020. Nå er fristen altså utsett til 2022.

Kjelde: NAL og regjeringa.no

Etter at overgangsordninga for sentral godkjenning har blitt utsett éin gong tidlegare, blir den altså utsett til 1. juli 2022. Firma som i dag er omfatta av overgangsordninga for sentral godkjenning, får dermed ytterlegare to år på seg til å oppfylle byggjesaksforskrifta sine krav til utdanning og praksis. Det skriv Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) på nettsidene sine. Saka blei først omtalt på Bygg.no.

Skal bekjempa arbeidslivskriminalitet

Sentral godkjenning av føretak i byggjebransjen er eitt av fleire statlege verkemiddel som skal bekjempa arbeidslivskriminalitet. Overgangsordninga, kor endringar i byggesaksforskrifta skal tre i kraft, er nå forlenga sidan departementet ventar på arbeidet til Byggkvalitetsutvalget. Dette utvalet, som skal vurdera om dagens verkemiddel for å sikra seriøse aktørar i byggjebransjen er gode nok, skal levera rapport 1. februar 2020.

Brexit påverkar norsk byggjesaksforskrift

Storbritannia skal etter planen gå ut av den EU 31. oktober. Dersom Storbritannia går ut utan ei utmeldingsavtale, vil det påverka kvalifikasjonskrava i den norske byggjesaksforskrifta. For å unngå usikre moment i Noreg, har Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedtatt ein overgangsregel som vil gjelda dersom dette skjer. Denne regelen inneber at nordmenn og andre EØS-borgarar som har tatt bygg- eller anleggsfagleg utdanning i Storbritannia, kan vera trygge på at denne framleis gjeld i Noreg.