Nyhet

– Alle skal ikkje bli kunstnarar

Kan me produsera noko i framtidas byar? Ja, meiner seks studentar som vil utfordra dagens kulturbaserte byutviklingsparadigme. 


Det er mogleg å integrera produksjons- og logistikkfunksjonar i byen, seier byplanleggjar Hanna Meyer Thuestad og arkitektstudent Tobias Wihl. Øvst i kulturarenaen og den tidlegare kabelfabrikken Oxertårnet, ser dei ut over Haraldrud i Oslo, som dei meiner må integrerast med byen. Foto: Hanna Maria van Zijp

Produksjonsbyen

Fredag presenterer studentteamet prosjektet «Produksjonsbyen» under årets Oslo Urban Arena

Caset er logistikk- og avfallsknutepunktet Haraldrud, som er del av transformasjonsområdet Hovinbyen i Oslo

Aspelin Ramm og Sweco er initiativtakar til «Produksjonsbyen»

Fagleg vegleiar for prosjektet var utviklingsdirektør i Aspelin Ramm, Maren Bjerkeng

www.produksjonsbyen.no

Blant store boksar, diverse barrierar og tungtransport på Haraldrud i Oslo, står byplanleggjar Hanna Meyer Thuestad (NMBU) og arkitektstudent Tobias Wihl (AHO). Saman med fire andre studentar fekk dei i oppdrag av Aspelin Ramm og Sweco å finna ut om det er mogleg å integrera produksjons- og logistikkfunksjonar i byen. Fredag skal studentane presentera resultatet frå prosjektet «Produksjonsbyen» under årets Oslo Urban Arena. 

Lokal matproduksjon

─ Ein kan bruka funksjonar som finst her, og leggja på andre funksjonar og annan bruk, seier arkitektstudent Wihl, som har vore prosjektleiar for «Produksjonsbyen». 

─ Kva kan produserast i produksjonsbyen? 

─ Mykje produksjon er jo flagga ut til lågkostland. Me kan ikkje ta tilbake det og ha store fabrikkhallar kor me produserer klede, seier Thuestad. 

─ Ordet produksjon er eit samlingsord som me bruker om denne typen storskalaverksemd som er naudsynt for at byen skal kunna fungera. Lagerverksemder, logistikk, reparasjonbedrifter, gjenvinningssentralar, bilverkstader, seier Wihl. 

Lokal og urban matproduksjon er sentralt i oppgåva på grunn av forutsetningane i området. 

─ Det er veldig tilrettelagt for innandørs jordbruk i mange av desse  bygga, fordi dei er store og lukka. Det er mogleg å bruka lysteknologi, forklarer Thuestad. 

Slik ser studentane føre seg utvikling av delområde med lett industriell produksjon, med bustader og utadretta verksemder.. Illustrasjon: Aspelin Ramma/Sweco

Kva er urbanisme?

I oppgåva ville studentane utfordra byutviklingsfaget si oppfatning av kva som er bymessig. Målet var å visa korleis produksjon, rekreasjon og bustader kunne fungera saman, og kor det grå blei grønt og kor introverte funksjonar kunne opnast opp. Dei meiner at godsterminalar, produksjonshallar eller avfallshandtering ikkje treng pressast lenger ut av byen, berre for å erstattast av kunst, kultur og kaféar, eit typisk grep i transformasjonsprosjekt.

Nå er Thuestad og Wihl på veg inn i den tidlegare kabelfabrikken Oxertårnet, ein ny kulturarena.

─ Kulturtårnet er første eksempelet på den kreative klassen sin innmarsj i dette området, og på mykje av det Oslo kommune ser føre seg i Hovinbyen, kor det skal vera kunnskapsintensiv næring og kulturrelaterte funksjonar, seier Thuestad.

─ Det var litt av det me ønskte å motverka i denne oppgåva, fordi det er så stort fokus på det i dagens byutviklingsparadigme, meiner Thuestad.

Oppskriftsmessig byutvikling

─ Eg kan ikkje heile planen for Hovinbyen, men det finst ein generalitet over alt dei vil gjera som viser korleis moderne byutvikling er, kor ein skal få inn kultur, kulturattraksjonar og kulturverksemder for å trekkja folk. Og så byggjer ein kanskje generiske bustadområde utan nokon særlege kvalitetar, og så er det ok, fordi ein har eit kulturtilbod, seier Wihl

Wihl meiner at svært mange prosjekt følgjer denne oppskrifta. Derfor ville studentane sjå på kva som finst på Haraldrud i dag og korleis det kan brukast til byutvikling, utan å flytta ut alt og byggja nytt. Her finst også ein sosial dimensjon, seier Thuestad, som trekkjer fram at slike område tiltrekkjer ein kjøpesterk klasse. At Oslo kommune sine planar har mykje kunstatelier, er problematisk.

─ Alle skal ikkje bli kunstnarar. Det er behov for andre verksemder, seier Thuestad. 

I område med tung produksjon, er det mogleg å skapa rekreasjonsområde over eksisterande funksjonar. Slik kan Haraldrud bli ein snarveg i den grøne ringen Oslo kommune planlegg i Hovinbyen, ifølgje studentane. . Illustrasjon: Aspelin Ramm/Sweco

Lukt som identitet

Men kva med lukt og støy?

─ Det finst mange eksempel på byar i verda som har fått sin karakter av lukt, som mosselukta. Det handlar om å skapa identitet, tilhøyrigheit og gjenkjennelegheit, meiner Wihl.

Studentane meiner at det kan vera ein identitetsmarkør, og del av ei sanseoppleving i området. Det har samanheng med å synleggjera produksjon og avfallshandtering for folk som bur der, kor dei føreslår å stilla krav til aktørane på staden om at delar av verksemda skal vera utadretta.

Arkitektstudent Wihl samanliknar det med at skuleelevar får vita meir om matproduksjon gjennom å sjå på kyr og kor melka kjem frå.

─ Det er like viktig å sjå kva som skjer med melkekartongen og korleis den inngår i eit heilt kretsløp. 

Teamet bestod av Tobias Wihl (arkitektur, AHO), Hanna Meyer Thuestad (byplanlegging, NMBU), Johanne Svendsen Helvik (landskapsarkitektur, NMBU), Ida Højlund Rasmussen (plan, by & proces, Roskilde universitet), Aksel Helmersen (fysisk planlegging, NTNU) og Inga Bertelsen (bygg- og miljøteknikk, NTNU). Foto: Nicki Twang