Vidareføring av byggeprosjekt
Ein finn ikkje arkitektoniske bomber i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2011, men oppstarta prosjekt får halde fram i fred og fridom.
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet varslar med vinnande politikarrøyst om at det blir «stor byggeverksmed» i 2011. Ein har investeringar for 3,2 milliardar kroner på handa. Det er jo pengar, men det meste er tenkt til vidareføringar av prosjekt, fleire av desse starta med middel frå tiltakspakka i 2008, da regjeringa brukte 20 milliardar ekstra for å halde sysselsettinga i landet oppe. Mellom to og tre milliardar av denne kaka gjekk til byggeverksemd, og oppstarta prosjekt må førast fram, skal ein få noko att for dei.
Gammalt og nytt
Fleire prosjekt som alt er på sporet, dreier seg om restaurering. Eidsvollbygningen får eit løft fram mot jubileet i 2014, og Domus Media og andre sentrumsbygningar som ligg til Universitetet i Oslo, skal òg rehabiliterast.
Mellom dei oppstarta byggeprosjekta finn ein odontologibygget for Universitetet i Bergen og nye bygg for høgskulane i Oslo (sjukepleiarutdanning), Bergen (samlokalisering) og Sogn og Fjordane (sentralbygg), attåt eit for regjeringskvartalet i hovudstaden.
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design får bod om 160 millionar til prosjektering av lokale på Vestbanen.
Meir enn 50 «kurantprosjekt» er alt i gang, med stort og smått. Dei to største er eit nybygg for Handelshøgskolen i Bergen og eit tilbygg til Domus Medica for Universitetet i Oslo. Begge er på god veg. Saemien Sitje, det sørsamiske museum og kultursenter i Snåsa, er enno i forprosjektfasen.
Klima og miljø
Regjeringa satsar på klima og miljø, og det kjem byggeverksemda ved. Oppfølginga av Stortingsmelding nr 16 (2008–2009), Nasjonal transportplan 2010–2019, fører til at jernbanene får 11,5 milliardar.
Regjeringa vil vidare bruke 2,6 milliardar for å få fram effektiv teknologi for handtering av karbondioksid, inkludert 880 millionar til bygging av på Mongstad-sentret, som etter planen skal stå ferdig til årsskiftet 2011/2012.
Enova skal kunne dele ut nærare to milliardar i stønad til energisparetiltak i 2011. Satsinga på Groruddalen held fram, og elles vil regjeringa opprette eit nytt treårig program for kommersialisering av miljøteknologi, lagt til Nærings- og handelsdepartementet, med ei totalramme 500 på millionar.
Arkitektur og design
Kulturdepartementet får etter framlegget 656 millionar meir å rutte med i 2011 enn i 2010, brorparten tenkt til auka satsing på Kulturløftet, det vil seie stønad til «kultur-, medie- og frivillighetsformål», inkludert bygningsvern, ikkje arkitektur.
Men regjeringa vil auke tilskotet til visuell kunst, arkitektur og design med 7,6 millionar og bruke 1,9 millionar til ulike arkitekturtiltak, blant anna Norsk Forms ByLab, deltaking i Europan Norge og Wild Card-ordninga.