Tema

Selvangivelsen: Xform

Eiendomsutvikling og arkitektur går hånd i hånd hos Xform i Førde

Fra papirutgaven Arkitektnytt 07/2017
Dagleg leiar Svein Torsnes seier at ein klar strategi for å utvikle arkitektur med identitet er ei av årsakene til at kontoret har lukkast. Her til venstre saman med (f.v.) Dag Eikås Bjerk, Christina Kvamme, Tore Hillestad og Sara Ødven. Foto: D. Reiakvam

Kven: Svein Torsnes, dagleg leiar 

Kvar: Førde i Sogn og Fjordane Antall tilsette: 2015: 4 2016: 5 2017: 5

Fagfordeling:  Fire sivilarkitektar/master og ein interiør- arkitekt. 

Turnover siste år: Ingen, men vi jobbar for tida med å tilsetje ein til to sivil/master-arkitektar.

Omsetning: 
2014: 4,3 millionar kroner 2015: 4,7 millionar kroner 2016: 5,7 millionar kroner

Timepris:  900 til 1140 + meirverdiavgift. Lågaste pris er for interiørarkitekt. Silvilarkitektar fakturerer høgste prisen flatt for både private og offentlege kundar. Storparten av oppdraga våre blir gjort på fastpris.

Oppgaver det er brukt flest timar på det siste året:
To forretningsbygg kombinert med boligar, heradshus, dagsenter, planarbeid, og i tillegg ganske mange boligar samt boligfelt.

Oppdragsgjevarar som fakturerast denne månaden:
Vi fakturerer jamleg åtte til tolv kunder per månad.

Kva slags type oppdrag per dags dato:
Vi jobbar for tida med heradshus og dagsenter i Gloppen kommune. Hotell, næringsbygg, forretningsbygg med tolv atriumshus, ni einebustader, hytter, utsiktpunkt og konseptforslag til bykvartal.

I tillegg jobbar vi med eigne prosjekt i vårt eige utbyggingsfirma. Her har vi nettopp ferdigstilt «Ullsentralen» i Førde sentrum, som er eit forretnings- og bustadsprosjekt til cirka 130 millionar. Xform eigedom har 25 prosent av aksjene i Ullsentralen as. For tida bygger vi fire rekkehus i Førde. I tillegg til å utvikle «arkitektur med identitet», jobbar vi med regulering av felt. Der vi står for både arkitektur og utbygging.

Organisasjonsstruktur:
Eigarane sit i leiinga og driv kontoret. Vi har fast møte kvar veke. Alle arkitektar må halde seg fagleg oppdaterte. På denne måten får vi gode diskusjonar, samstundes som vi tilstrebar å skape aktuell arkitektur, som står seg over tid.

Eigarstruktur:
Christina, Tore og Svein sine holdingselskap har tilnærma like eigarandelar. Tore kom inn på eigarsida i 2016.

Minste pågåande prosjekt i omsetning:
Diverse innleiande møte og skisseprosjekt som utføras etter medgått tid.

Største pågåande prosjekt i omsetning:
Forretningsbygg på Sande i Sunnfjord.
Kontraktsum cirka 1,8 millionar. 

Om moglegheitene i 2017: Kontoret har stor oppdragsmengde i høve antall tilsette, og vi ser oss om etter engasjerte arkitektar som kan bli med å byggje kontoret vidare inn i framtida. 

Beskriving av dei to siste åra:
To travle år med fleire krevjande prosjekt som kontoret har vakse på. Det at vi også er utbyggjarar fra a til å har gjeve oss nyttig erfaring og positive opplevingar. Vi er stolte av å kunne seie at vi har løfta standarden på delar av det som byggjast av private aktørar i nærområdet. Ullsentralen har blitt ein ny referanse for fleire utbyggjarar, samt for leigetakarer og bustadkjøparar. 

Viktigaste satsingsområda dei neste to til tre åra:
Vi har ambisjonar om å skape god og aktuell arkitektur og utvide vårt geografiske arbeidsområde. Arbeidsoppgavene vil, som i dag, vere ei blanding av offentleg og privat aktivitet. Fordelinga mellom tradisjonell arkitektvirksomhet og eigne prosjekt, trur vi vil liggje på cirka 60/40. 

Organisasjonsgrad, samarbeid mellom tilsette og leiing, lønn og arbeidstilhøve: Halvparten av kontoret er medlem i Afag, alle arkitektar er medlem i NAL.

Kontoret er medlem i Arkitektbedriftene. Tilsette og leiing i Xform sit i kontorlandskap. Det opplever vi er positivt. Spørsmål og problemstillingar løysast på sparket, vidare har kontoret ei uformell tone med stor takhøgd internt. Vi gjennomfører årlege lønnssamtaler og medarbeidarsamtaler. Kontoret er ikkje omfatta av den sentrale tariffavtalen mellom Afag og Arkitektbedriftene, og har inga lokal tariffavtale. Kontoret følgjer i praksis normal arbeidstid, Afag sin lønnstatistikk og nemnde sentrale tariffavtale.

Årsakar til at vi lukkast:
Klar strategi for å utvikle arkitektur med identitet.  Eigedomsselskapet investerer i god arkitektur. Rolla vår som utbyggjar, i tillegg til å vere arkitektar, har løfta omdømmet vårt og har vore god merkevare  bygging.  

Fortalt til Cecilie Klem