Tema

Kommunane praktiserer feil

Arkitektbedriftene er bekymra for kommunane si praktisering av anskaffelsesforskriften. Næringsminister Monica Mæland tar saken vidare.

Rådet for bygg, anlegg og eigedom møtte næringsminister Monica Mæland i midten av januar. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet.

Anskaffelsesforskriften

  • Forskrift om offentlige anskaffelser, som også dekkjer arkitektoppdrag, blei endra 1. januar 2017. Endringane kom som følgje av eit EU-direktiv frå 2014.Den gamle forskrifta seier at ein kommune skal be om tre referanseprosjekt frå dei siste tre åra ved utlysing av arkitektoppdrag.
  •  
  • Dei nye endringane opnar for større fridom: Dersom det er naudsynt for konkurransen sin del, skal ein kommune vurdera å ta i betraktning erfaring frå lenger enn tre år, heiter det. 

BAE-rådet
Rådet for bygg, anlegg og eiendom består av åtte medlem: Arkitektbedriftene, Byggenæring-ens landsforening, Maskinentreprenørenes forbund, Norges bygg- og eiendomsforening, Norsk eiendom, Nelfo, Rådgivende ingeniørers forening og Virke byggevarehandel.

Kjelder www.nbef.no og Næringsdepartementet 

Administrerande direktør i Arkitektbedrift­ene, Egil Skavang, møtte nyleg Mæland under det årlege møtet i Rådet for bygg, anlegg og eien­dom (BAE-rådet), der Arkitektbedriftene er medlem. Eit av tema på årets møte var offentlege innkjøp si rolle for verdiskaping, arbeidsplassar, klima, forsking og utvikling.

Ministeren var ikkje tilgjengeleg for kommentarar etter møtet, men forstod ifølgje Skavang kritikken av kommunane si feil­aktige praktisering av regelverket for offentlege innkjøp.

Han seier vidare at Mæland nå vil senda brev til kommunane der ho klargjer korleis reglane skal følgjast, og at ho om naudsynt vil endra forskrifta. Skavang er positiv til nærings­ministeren sin respons.

Snever praksis stengjer for muligheiter

Når kommunen opptrer som bestillar i samband med for eksempel ein ny skule, stiller dei strenge krav til arkitektane sin portefølje. Ofte trur kommunen at prosjekta må vera identiske med det framtidige oppdraget, forklarer juri­disk rådgjevar i Arkitektbedriftene, Anette Sørby Bakker. Kommunane trur altså at arki­tektkontoret etter dei gamle reglane måtte ha gjort tre skuleprosjekt dei siste tre åra for å kunna teikna ein skule, men det stemmer ikkje, ifølgje juristen.

– Den strenge praksisen snevrar inn mulig­heitene til mange små og mellomstore arki­tektkontor. Mange arkitektkontor blir diskvalifiserte.

Bakker meiner at konsekvensane blir ein svært spesialisert bransje.

Regelendringane gir større fridom

Men nå er reglane oppdaterte. Endringane i anskaffelsesforskriften gjeld frå 1. januar i år.

Dette gir kommunane større fridom til kva krav dei kan stilla til referansar når arkitektar søkjer kvalifisering til oppdrag. Blant anna opnar dei nye reglane for at kommunane kan spørja etter portefølje frå meir enn tre år, dersom det gagnar konkurransen, altså for at det skal vera nok tilbydarar.  

I samband med dei nye endringane i anskaffelsesforskriften arbeider Nærings- og fiskeridepartementet nå med ein vegleiar. Arkitektbedriftene ønskjer at den skal få ei arkitektvennleg utforming.

– Ved bestilling av intellektuelle tenester, med prosjekt som er bunde opp i mange år, bør kommunen alltid spørja etter portefølje frå minst fem og gjerne ti år, seier Bakker.

Når prosjekta går over så mange år, vil det vera betre for alle partar dersom krava til kvali­fisering samsvarer med firma sin fak­tiske kompetanse og erfaring, meiner ho.

– I praksis er det mange viktige oppgåver som mindre arkitektkontor ikkje får ta del i. Me tar tak i det nå fordi me ser at det er ein muligheit for å få presisert dette i vegleiinga til anskaffelsesforskriften.

EU ønskjer mindre aktørar på banen

Den nye forskrifta er i større grad bearbeidd og tilpassa norske forhold, dermed blir den også litt lettare tilgjengeleg, ifølgje Bakker.

– Bakgrunnen for at EU ville endra desse reg­lane, var å få nettopp små og mellomstore arki­tektkontor på banen, seier ho.

I den nye forskriften blir det også presisert at lista over krav som kommunane kan stilla til arkitektane, er uttømmande.

Anskaffelsesforskriften

Forskrift om offentlige anskaffelser, som også dekkjer arkitektoppdrag, blei endra 1. januar 2017. Endringane kom som følgje av eit EU-direktiv frå 2014.

Den gamle forskrifta seier at ein kommune skal be om tre referanseprosjekt frå dei siste tre åra ved utlysing av arkitektoppdrag.

Dei nye endringane opnar for større fridom: Dersom det er naudsynt for konkurransen sin del, skal ein kommune vurdera å ta i betraktning erfaring frå lenger enn tre år, heiter det.

BAE-rådet

Rådet for bygg, anlegg og eiendom består av åtte medlem: Arkitektbedriftene, Byggenæring­ens landsforening, Maskinentreprenørenes forbund, Norges bygg- og eiendomsforening, Norsk eiendom, Nelfo, Rådgivende ingeniørers forening og Virke byggevarehandel.

Kjelder www.nbef.no og Næringsdepartementet