Tema

Hjemdal-effekten

Som den tredje direktøren på like mange år må Tor Inge Hjemdal svare på eit spørsmål som kjem att heile tida: Kva skal, bør og kan Doga eigentlig få til?

Fra papirutgaven Arkitektnytt 05/2018
Tor Inge Hjemdal kjem som leiar til Doga med fartstid både internt i organisasjonen og som fagsjef i NAL. Han står overfor ei utfordrande arbeidsoppgåve. Foto: Ingebjørg Semb

I april blei  det klart at Tor Inge Hjemdal blir administrerande direktør for Doga i eit 6-årig åremål, etter å ha hatt stillinga på konstituert basis sidan nyttår. Han kjem inn etter ein turbulent periode. Forgjengaren, Trude Gomnæs Ugelstad, gav seg etter berre halvanna år i stillinga. Det er slik sett stille etter stormen på Doga, men også stor spenning i lufta. Kva kan vi vente av Doga med Tor Inge Hjemdal i direktørstolen?

– Eg vil vere ein søkjande, open og lyttande leiar som samstundes held høg fart. Målet er å gripe aktuelle samfunnsutfordringar og gjennomføre relevante prosjekt. Dessutan er eg ein fagperson, og Doga vil nok bli prega av at eg kjem til å involvere meg i fagleg så vel som administrativt arbeid. 

Hjemdal har bakgrunn innan arkitektur og urbanisme, med utdanning frå NTNU, Illinois Institute of Technology i Chicago og Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo. I seinare år har han vore fagsjef i NAL (2014–16) og direktør for arkitektur i Doga frå 2016. Men korleis vil denne erfaringa prega Doga framover?

– Det eg tek med meg, er fokuset på å få mest muleg ut av den rolla eg innehar. Eg er ikkje fokusert på å bygge eigen karriere. Eg ynskjer å intensivere og maksimere min eigen innsats, og trur det vil få positive verknader i organisasjonen. I tillegg vil den faglege kompetansen gjere det lettare, trur eg, å bygge intern kommunikasjon og gode arbeidsvilkår. Eg vil påverke horisontalt, gjennom avgjersler som leiar, men ikkje minst vertikalt ved å vere aktiv i faglege diskusjonar.

Men det faglege er berre éi side av saka. Frå utsida har Doga tidvis framstått som nokså kaotisk, med fleire organisatoriske omstillingar og endringar på personalsida. Kva tankar gjer den nye direktøren seg om det som har vore?

– Eg har jobba for Doga i temmeleg nøyaktig to år, og det har jo vore nokre fartsdumpar vi godt kunne vore forutan. Det er ein heilt fair kritikk, særleg det som går på ressursbruk rundt leiarskifte.

Det Hjemdal siktar til, er til dømes kostnader knytt til handsaming av personalsaker. «Konflikter ved Doga koster dyrt,» rapporterte Aftenposten i desember 2017, og viste blant anna til 4,1 millionar kroner som angiveleg skal vere brukt på konsulentarbeid knytt til forhold i arbeidsmiljøet. Hjemdal medgir at slike saker ikkje er gunstige, men tek likevel til motmæle mot delar av det media har skrive.

– Eg er ikkje med på den faglege kritikken som har kome. Den faglege leveransen har vore der, nærast på trass av dei organisatoriske utfordringane. Eg er oppteken av historikken for å lære av det, men vil helst sjå framover no. 

Det er logisk å tenkje slik for ein ny leiar, særleg ein som tek over etter mykje turbulens. Eit personskifte kan vere forfriskande i seg sjølv, men kva kan gjerast annleis framover?

– Mi haldning er at vi må justere underveis, ikkje vente på omfattande evalueringar for å kunne gjere naudsynte endringar. Eg vil helst gjere endringar der vi til ei kvar tid er, for å kunne styre meir dynamisk og fortløpande.

Dynamisk styring høyres både forlokkande og tidsriktig ut. Men korleis klare dette i praksis?

– Vi er i ferd med å gjennomføre ei omorganisering som skal gjere det lettare å utføre samfunnsoppdraget vårt. Dette inneber tettare kontakt mellom leiar og medarbeidarar i fagorganisasjonen, ved at eg blir meir til delaktig i sjølve utviklingsarbeidet. Eg trur at dette blir gunstig både med tanke på fagleg framdrift og personalpolitikk. Det viktigaste er å kunne korrigere undervegs.

«Doga er en liten aktør med begrensede ressurser,» heiter det i årsrapporten for 2017. Frå andre hald, til dømes Monica Hannestad (direktør for Design Region Bergen), har det derimot blitt hevda at Doga gjer alt for lite i eit nasjonalt perspektiv ut frå ressurssituasjonen. Har Doga levert godt nok på nasjonal basis?

– Doga er små, relativt sett, ettersom vi er den minste aktøren i innovasjons- og forskingsavdelinga til Nærings- og fiskeridepartementet. Samanlikna med dei andre der, som Innovasjon Noreg, har vi lite. Med eit budsjett på 7,1 milliardar er Innovasjon Noreg cirka hundre gonger større enn Doga. 

Dette blir stadfesta i tilskotsbrevet frå departementet for 2018, der Doga blir tildelt om lag 70 millionar for å drive med design- og arkitekturdriven innovasjon. Delmåla er ikkje små. Departementet forventar at Doga skal auke konkurranseevna i næringslivet, fornye offentleg sektor og produsere gode design- og arkitekturpolitiske råd. Men likevel, med rundt 70 millionar å rutte med, er det kanskje ikkje heilt urimeleg å forvente at Doga held høgt aktivitetsnivå over heile landet?

– Vi blei utfordra på dette av departementet like før jul og lagde då ei oversikt over alle aktivitetane våre, som er fordelt på samtlege regionar. I dei aller fleste tilfella er vi direkte inne med mannskap. Departementet meinte at dette svarte godt på kritikken, men understreka samstundes den nasjonale rolla i tildelingsbrevet. Så vi skal halde fram med å styrke det nasjonale nedslagsfeltet, men gjer allereie mykje i dag. 

Slik Hjemdal ser det, blir det viktig å skape langsiktige samarbeid framover – ein nasjonal infrastruktur med Doga som nav.

– I den noverande situasjonen må vi finne opp strukturen vår på ny for kvart prosjekt. Det er tungvint. Derfor er vi interesserte i å bruke tid og ressursar på å byggje opp meir forpliktande og varige samarbeid, så lenge det er i tråd med måla i tildelingsbrevet.

Mandat, delmål, tildeling og tilskot – velkjende omgrep for alle som har jobba i norsk forvalting. Bak den tørre retorikken ligg klare føresetnader for drift. Det er ikkje til å kome utanom at Doga er nøye styrt av departementet. Korleis påverkar dette den daglege drifta?

– Vi har fortløpande kontakt året gjennom og opplever god kontakt med departementet, både administrasjon og politisk leiing. Denne koplinga skil Doga frå vanlege interesseorganisasjonar, ettersom vi har ei direktelinje til styresmaktene. Det betyr samstundes at vi må halde oss til mandatet – departementet er jo finansieringskjelda vår.

– Ei saumlaus overgang frå politikk til fag høyres unekteleg fordelaktig ut i eit reint gjennomføringsperspektiv. Men det er jo ikkje alltid at politiske visjonar og fagleg integritet går kvarandre i møte, jamfør kontroversane rundt Statistisk sentralbyrå våren 2017. Går det an å førestille seg eit framtidsscenario der den overordna politikken kan vere på kollisjonskurs med dei faglege prinsippa som Doga ynskjer å fremme?

– Nei, det har eg vanskeleg for å førestille meg. Det blir uansett reint hypotetisk. Viss du tek det pågåande arbeidet med norsk arkitekturpolitikk som døme, er dette forankra i mandatet vårt og vi har stor påverknad på meiningsinnhaldet. Så lenge jobben vår er å gjere arkitektur og design mest muleg relevant i forhold til det politikarane ynskjer å oppnå, trur eg ikkje at den faglege integriteten står i fare.

– Betyr dette at Doga opererer på ein annan måte enn det Norsk Form gjorde inn mot den førre versjonen av nasjonal arkitekturpolitikk, Arkitektur.nå, frå 2009?

– Ja, på den måten at Norsk Form fokuserte mest på å definere kva som er god arkitektur. I denne runda har vi meir fokus på korleis arkitektur kan bidra i samfunnet.  

– Doga skal altså drive mindre med kvalitetsmerking og meir med realitetsorientering. Er det denne vendinga som ligg på lur i det mykje brukte omgrepet «fasilitering»?

– Enkelte har sagt at Doga berre skal fasilitere, men det er berre éin del av verksemda vår. Det er snakk om tilrettelegging i form av å huse relevant aktivitet, men også i form av å peike ut mulege konferansefortrinn, drive utviklingsarbeid, kunnskapsformidling og så vidare. Kor vidt du kallar dette «fasilitering» eller noko anna, er mindre viktig enn den effekten det har og dei varige endringane vi kan bidra til å skape. 

Apropos effekt. Dette er noko Hjemdal er oppteken av, ettersom effektmåling blir viktig for  Doga i komande treårsperiode. I tillegg kjem satsingsområda Byar og tettstader (der vi lever), produksjon (det vi skal leve av) og helse og velferd (korleis vi lever).

 – Korleis kjem Doga til å gripe dette an?

– På overordna nivå skal vi generere design- og arkitekturdriven nyskaping i næringslivet og offentleg sektor. Dette er linka til tema som det grøne skiftet, omstilling, berekraftig verdiskaping – alle dei store honnørorda. Vi må fylle desse med innhald og meining. Vi relaterer oss til ein 70-20-10-modell, som står for 70 prosent kontinuitet, 20 prosent skrittvis innovasjon og 10 prosent heilt nye tankar. Vi skal i størst muleg grad operere innanfor 20-10-segmentet av denne. Det betyr at vi må vere på utkikk etter pilotpotensiale som vi dernest kan vidareutvikle innanfor dei tematiske satsingsområda.

Så vil tida vise om Hjemdal er den piloten som skal til for å løfte Doga den komande tida.  Med ein direktør som har blikka retta framover, tilsynelatande heva over gamle motbakker, skulle forholda ligge godt til rette.

Doga har dei senare åra vore prega av interne konflikter og ein svekka posisjon utad. No får Tor Inge Hjemdal ansvaret for å byggje oppatt omdømmet til organisasjonen. Foto: Ingebjørg Semb