For mykje synsing i høgdedebatten
Mirza Mujezinović
- Mirza Mujezinović er utdanna arkitekt frå NTNU, og driv eigen praksis, Oslo-baserte Malarchitecture.
- Disputerte nyleg med avhandlinga «The Architecture of the Urban Project» ved AHO, med Karl Otto Ellefsen og Jonny Aspen som vegleiarar. Avhandlinga undersøkjer storskala-arkitektur i norsk byutvikling mellom 1960 og 1980, i modernismekritikken si storheitstid.
- Mujezinović har sjølv erfaring med storskala- arkitektur. Han vann Europan 8 med eit større bustadkompleks i Wien, som for tia er under oppføring.
Kritikken av modernistisk byplanlegging har tamt storskalaarkitekturen, seier Mujezinović.
Han meiner at modernistane si manglande forståing for byen sin kompleksitet ikkje lenger er dominerande. Dagens arkitektar har den naudsynte forståinga, seier Mujezinović.
Arkitekten disputerte nyleg ved AHO med avhandlinga «The Architecture of the Urban Project», der han diskuterer storskalaarkitektur. Det vil seia byarkitektur som påverkar omgjevnadene utover den enkeltståande bygningen, forklarer Mujezinović.
Han har arbeidd med tre casar. Dragvoll, campus ved NTNU i Trondheim, Aker brygge i Oslo og planane for Vaterland i Oslo.
Når kritikk blir ideologi
Kritikarar av modernismen, som Jane Jacobs og Jan Gehl, har påverka vår haldninga vår til storskala-arkitektur, meiner Mujezinović.
– Har me sett oss blinde på Jacobs og Gehl?
– Kritikken frå Jacobs og Gehl var berettiga i si tid. Dei er viktige, men har blitt altfor viktige. Problemet oppstår når kritikken blir ideologi. Då forenklar ein kraftig kva byen faktisk kan bli.
Når spørsmålet blir i kva grad førsteetasjane i Barcode fungerer, mistar ein den meir overordna diskusjonen om kva som eigentleg kan gjerast, og kva funksjonar det skal ha, seier Mujezinović.
Modernistane mangla forståing for kontekst. Men den forståinga har me hatt sidan byrjinga av 1980-talet, fastheld Mujezinović. Aker brygge, utbygt frå 1985, er ifølgje Mujezinović eit interessant døme der byen både er inspirasjon for prosjektet, og der arkitekturen fysisk knyter seg til staden.
Dei siste 20-30 åra har arkitekturdebatten vore todimensjonal og dreidd seg mykje om sosiologi, eigedomsutvikling og andre tema, meiner Mujezinović.
– Eg seier ikkje at det ikkje er viktig, men stiller spørsmål ved kva slags arkitektur som blir laga i byen, og korleis arkitekturen og byen påverkar kvarandre.
Vil vekk frå kvartalstrukturen
I diskusjonen om tettleik og høgder projiserer me dei indre, tydelege bileta våre om kva som er bymessig, ifølgje Mujezinović. Dette er ofte ideen om den reine kvartalstrukturen. Det må me bort frå, meiner Mujezinović.
Høgd og tettleik i by må diskuterast på ein annan måte. Han trekk fram Barcode som godt døme på korleis ein kan utvikla byen med ei løysing som ikkje er kvartal. Prosjektet er eit eksempel på korleis ein kan komma vidare i diskusjonane om siktlinjer og landskap.
Mujezinović trekk fram St. Olavs hospital i Trondheim som motsatsen. Det skulle vera eit bysjukehus. Resultatet blei ein rein kvartalstruktur, men dette sikrar ikkje det bymessige.
Saknar fakta i høghusdebatten
– Er me for skeptiske til høgder i Noreg?
– Ja. I Noreg er ein ekstra var på alle avvik frå eksisterande kontekst. Alt som er litt større, er me skeptiske og mistenksame til. Me etterspør uterom og bustadkvalitet, men unngår debatten om kva slags arkitektur som faktisk kan bidra til å utvikla byen. Debatten i Noreg er i høg grad tufta på synsing og sosiale media, seier Mujezinović.
Debatten må baserast på kvantitative data og kvalitative studiar. Han ser til utlandet for ein skikkeleg diskusjon om kva som er god byutvikling for framtida.
Mujezinović meiner at i mange andre byar er byutvikling med høgare tettleik basert på kunnskap og forståing, der arkitektane diskuterer konkrete tal og tilnærmingar.
– Debatten er basert på forståing av økonomi, kor tett det faktisk er muleg å byggja, korleis ein set saman element, og kva måtar det går an å bu på, ifølgje Mujezinović.
Måten ein diskuterer byen og formulerer byprosjektet på, har mykje å seia for byutviklinga. Dersom ein behandlar det høge og tette på rett måte, kan resultatet bli bra, fastheld han.
Problema byrjar der byen sluttar
– Kva rolle kan storskala-arkitektur få i utvikling av dei største norske byane?
– Den kan komma til nytte i sjølve byregionen, men er ikkje lenger så aktuell i bykjernen.
Han forklarer at urbaniseringa av indre by stort sett er ferdig, fordi det ikkje er så mange større tomter igjen. Større transformasjonsprosjekt som Nydalen og Skøyen i Oslo, og Nedre Elvehavn i Trondheim, er allereie utvikla. Ei anna hindring er at me har fått meir komplekse eigarstrukturar. I tillegg er medverkingsprosessar ofte krevjande. I Oslo er sjøfronten den einaste staden kor han meiner det er aktuelt å diskutera storskala-arkitektur.
– Dessutan er det aktuelt å diskutera problemstillinga der byen blir utvida, seier Mujezinović.
Når staten investerer i infrastruktur, blir heilt andre område tilgjengelege. Utviklarar kjøper felt på Jessheim eller i Oppegård og byrjar å utvikla storskalaprosjekt. I mange tilfelle blir resultatet ikkje så bra, meiner Mujezinović. Arkitektar som teiknar for desse utviklarane, heng framleis att i 1980-talet. Dei teiknar prosjekt utan forståing for kva den suburbane urbaniteten er. Der kan en diskusjon om kva god storskala-arkitektur er, komma til nytte.