Nyheter

Oslo-arkitektane satsar på nytt hus

Generalforsamlinga til Oslo Arkitektforening har gitt styret fullmakt til å ta konkrete steg på vegen vidare mot eit mogleg nytt hus for NAL og OAF sentralt i Oslo.

Foto Tom Andrésen

I vedtaket frå 27. april sluttar OAFs generalforsamling seg til at styret «fortsetter prosessen med avhending av Josefines gate 32 og 34, samt å velge egnet, ny lokalisering for organisasjonen».

 

Kan rulle fort

Dette tyder at prosessen no kan ta til å rulle fort. Landsstyret i Norske arkitekters landsforbund har alt ryggen fri til å gå vidare, etter å ha fått full tilslutning til planane på representantskapsmøtet i april 2010.

 

– Vi må bruke den tida vi treng, seier leiaren i arbeidsgruppa for det mogleg nye arkitekthuset, Pål Stephensen, administrerande direktør i NAL.

 

Det kan vere verd å merke seg at det ligg ein reservasjon i vedtaket frå OAF i setninga: «Valget av løsning skal legges fram for generalforsamlingen for godkjenning på hensiktsmessig tidspunkt og senest 2012.»

 

Kva vil skje?

Når det gjeld avhendinga, vil arbeidsgruppa ta kontakt med ein meglar. Når det gjeld oppgava med å finne høvelege nye lokale, er gruppa alt i kontakt med ein partnar. Arbeidsgruppa vil kome saman og leggje meir detaljerte planar for tiltaka etter NALs representantskapsmøte i Stavanger 21. mai.

 

– Det er viktig at vi i arbeidsgruppa gjer eit godt arbeid, at vi set rett kurs, seier Stephensen.