Nyheter

Nytt Snøhetta-oppdrag i San Francisco

Snøhetta lukkast i USA. No skal kontoret teikne basketballarena for den tidlegare hippiebyen.


San Francisco, leikegrind «over there». Foto: Wikipemedia commonse

– Nothing succeeds like success, heiter det på godt gammalt nynorsk. Litt dugleik er heller ikkje å forakte. Arkitektkontoret Snøhetta har begge delar.

 

First we take Manhattan

Det skulle ikkje vere naudsynt å gå gjennom heile merittlista til det norske kontoret. Det held langt med suksessen til avleggjaren i New York, som fekk – orsak – flying start med tildelinga av National September 11 Memorial Museum Pavilion i 2004.

 

Heimekontoret til Craig Dykers vart snart til skikkeleg bortekontor, med stadig fleire tilsette. Kva skulle dei gjere når museet stod ferdig? Bli bortsette? Det galdt å skaffe nye oppdrag, helst av det litt eksklusive slaget, museum, kunstsenter og slikt.

 

Og det har dei gjort på Snøhetta-kontoret i New York. Eit høgdepunkt i så måte var tildelinga av San Francisco Museum of Modern Art (SFMOMA) i 2010, ei kontrakt verd ein milliard kroner eller to, og som attpå til gav fotfeste på vestkysten av Statane.

 

… and then we take San Francisco

No kan ein lese i den reklamefinansierte San Francisco-nettside-publikasjonen SFIST om nok ei Snøhetta-tildeling i den, kan hende ikkje heilage, men i det minste legendariske California-staden.

 

Snøhetta skal teikne arena for basketballklubben Golden State Warriors med sitjeplassar for nær tjue tusen tilskodarar på waterfront-tomt, tilsvarande tomta til operaen i den norske hovudstaden, kvalifikasjonskriteriet i serklasse, og med AECOM, spesialist på sportsanlegg, som lokal partner. Tomta ligg like sør for Bay Bridge.

 

Det er enno for tidleg å seie noko om utforminga, kan vi lese, men Dykers slår fast at Snøhetta «har rotfesta røynsle med å vere noggranne på waterfronts».

 

For kort tid sidan vart det òg kjent at Snøhetta skal teikne bibliotek for Temple University i Philadelphia. USA-reviret veks i alle retningar.