Nyheter

White med vinkelskule

Svenske White arkitekter trakk det lengste strået i den avgrensa plan- og prosjektkonkurransen om ny ungdomsskule i Skedsmo.


Vinnarframlegget til skule på Bråtejordet i Skedsmo, for opptil 450 elevar. Perspektiv: White arkitekter

Fem arkitektkontor, White, div.A, HWR, Lusparken og Longva arkitekter, fekk invitasjon til tevlinga. Alle kom med framlegg til utforminga av skulebygget på Bråtejordet, og juryen peika ut White arkitekter til vidare dialog, men gav også div.A rang som vinnar. HWR fekk særskilt ros for den gode oppfølgjinga av funksjonskrava i programmet.

 

Buffer mot nord

Tomta heller nordover mot Bråteveien, og dei fleste, inkludert White, har drege bygget opp mot nord slik at skulegården får ein skjermande buffer mot trafikken. White har nytta terrengfallet slik at bygget får tre etasjar og hovudinngang mot Bråteveien i nord, og to etasjar med utkraging av den øvre mot skuleplassen på sørsida.

 

Kommunen ønskja ikkje ein «korridorskule», og i Whites utforming er skulen eit kompakt volum med ei samlande midtsone. Løysinga er arealeffektiv, men juryen er ikkje nøgd med alt i utforminga. Samlingssalen har fått ei god plassering, men er ikkje avgrensa slik det er bede om, og toaletta er ikkje desentraliserte og knytta til dei einskilde klasseromma, noko som også var ein føresetnad i programmet.

 

Vinkelvolumet gir «referanser til gårdstunbebyggelse», meiner juryen, som også ser referansar til eit industribygg på Strømmen like ved. Det arkitektoniske grepet står slik for «kobling til stedlig bebyggelse tolket i nytt formspråk», konstaterer juryen godt nøgd. Skrå takflater var elles ein føresetnad.

 

Glaset i fasaden

Skulen skal nytte fjernvarme, og energibruken skal ikkje overstige 79 kWh/kvm/år. Den kompakte løysinga til White er energieffektiv, og kontoret har lagt vekt på passive tiltak, med solskjerming integrert i konstruksjonen. Juryen undrar seg difor over at utkastet legg opp til så mykje bruk av glas i sørfasaden mot skulegården.

 

White vann alt i alt med plasseringa av skulen på tomta, med eit godt arkitektonisk grep, høg arealeffektivitet og utviklingspotensial.

 

Mellom dei åtte personane i juryen var tre sivilarkitektar: MNAL Rolf Jansen, sjefarkitekt i Skedsmo kommune, Ali Adjou, overarkitekt i Skedsmo kommune, og MNAL Astrid Reikvam, som samstundes var sekretær for juryen.

 

Sjå alle prosjekta og rapport frå juryen på nettsida til Skedsmo kommune.