Visuelt gull til Snøhetta og Cubus
Designgruppene «Snøhetta Design og Anti» og «Haltenbanken of Arkitektgruppen Cubus» er heidra av Grafill.
Visueltkonkurransen er «designernes designkonkurranse», ifølgje Grafill. Det står om visuell kommunikasjon. Heidringane av produkt skjer som ein del av dei årlege Visueltdagene, i år halde 3. og 4. mai i Dansens Hus og Folketeatret.
Snøhetta
Snøhetta Design og Anti fekk prisen for arbeidet sitt med å gi ein ny grafisk identitet til DNB, med DNB som oppdragsgjevar. Juryen seier at den nye identiteten fører banken bort frå det folkelege og over til forretningsbankane, og held fram: «Bildestilen gjør at banken fremstår hard, men også selvsikkert og kontemporær. Bokstaven N fremhever og understreker det norske på en enkel, men sentral måte. Identiteten gir mange muligheter på mange flater, uten å miste grepet om egenarten.»
Designarar var Craig Dykers, Peter Girgis, Fredrik Melby, Martin Stousland, Mari Oshaug, Endre Berentzen, Robert Dalen, Tobias Apelgren, Moa Nordahl, Kristian Larsen og Martin Kvamme.
Asplan Viak/Arkitekturverkstedet og Yokoland ble nominert i samme kategori.
Cubus
Haltenbanken of Arkitektgruppen Cubus vart heidra for arbeidet sitt med å bruke grafisk design som profilbyggjande element for Haltenbanken, med Vestnes kommune som oppdragsgjevar.
Juryen seier at det er flott at man kan bruke grafisk design slik, som profilbyggjande element i bybiletet. «Designeren viser god materialforståelse, og strenge rammer og krav til universell utforming har gitt prosjektet både en praktisk og en utsmykkende funksjon. Referansen til postveien fungerer godt, og skaper et særpreg som innbyggerne i Vestnes kan kjenne igjen og være stolte av.»
Enzo Finger
Den mykje heidra designaren Enzo Finger fekk Klassikerprisen 2012. Han utdanna seg ved Kunstgewerbeschule i Zürich, og var mønsterelev og lærar der, før han i 1976 fekk jobb hos Bruno Oldani i Noreg, og snart byrja for seg sjølv. Han er kan hende mest kjent for arbeidet sitt med Flytoget, men har òg designa hundrevis av frimerke.
Skin Designstudio vart nominert i kategorien «Redaksjonell design» for arkitekturmagasinet Conditions.
Visuelt-nettsidene kan du finne her.