Vil ha eigen bustadminister
Treng Noreg eit eige bustaddepartement? Ja, seier eit utval frå Arbeiderpartiet.
Rapporten til utvalet skal leggjast fram denne veka, men aftenposten.no er alt kjent med deler av han og snakka med leiaren av utvalet, Håkon Haugli. Han seier at vi treng å samle ansvaret for bustadbygginga hos ein eigen statsråd som kan vere ein pådrivar for meir bygging og rydde hindringar av vegen.
Behovet for fleire bustader
Noreg treng 38 000 nye bustader kvart einaste år fram til 2020, seier prognosar. Det må til skal vi møte den sterke folkeauken som er venta særskilt i byane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Drammen.
Utvalet til Arbeiderpartiet meiner det er naudsynt å gripe til kontroversielle tiltak for å auke takta i bustadbygginga. Eit eige departement vil gi sterkare statleg styring og kunne presse kommunane. Utvalet vil ha snevrare tilgang til å klage på byggeprosjekt overfor fylkesmenn og statlege etatar, og enklare regelverket med krav om raskare handtering av byggesaker, melder Aftenposten.
Ideen er elles ikkje original. Sverige, Finland og Danmark har bustadministrar.
Kollisjonskurs
I dag ligg det statlege ansvaret for bustadbygginga til Kommunal- og regionaldepartementet, som har Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet til ministar. Aftenposten meiner framlegget vil føre Arbeiderpartiet på kollisjonskurs med regjeringspartnaren. Navarsete vil truleg ikkje like framlegga, som er ein del av arbeidet i Arbeiderpartiet med å utvikle eit nytt partiprogram fram mot landsmøtet våren 2013.
Utvalsleiar Håkon Haugli går god for at poenget med å ha ein eigen bustadminister er at han eller ho kan tvinge kommunane til å få fart på reguleringsarbeidet. Senterpartiet trekkjer i ei anna retning. Dette partiet ønskjer å halde handa si om det kommunale sjølvstyret og gir høg prioritet til distriktspolitikken. Ja, Navarsete lanserte sist haust eit eige 20-millonarsprogram for auka bustadbygging, ikkje i byane, men i distrikta.
Regjeringa har så langt prioritert bustader for svake grupper, framfor fleire bustader for folk flest, men sentrale politikarar i Arbeiderpartiet vil visstnok ha ei anna hovudline.
Plan- og bygningsloven på ein stad
Utvalet skal ta til orde for at bustadministeren får ansvaret for heile plan- og bygningsloven. I dag er ansvaret for loven delt mellom Kommunal- og regionaldepartementet og Miljøverndepartementet, som fekk Bård Vegar Solhjell frå Sosialistisk Venstreparti til ny ministar fredag i førre veka.
Her ligg det an til nok ei konflikt. Sosialistisk Venstreparti ønskjer ein betre bustadpolitikk, seier Aftenposten, men vil ikkje at omsynet til naturvern og kulturminner skal svekkast, om det er prisen for meir bustadbygging, og vil ikkje at retten til å klage på reguleringsvedtak skal bli mindre. Det kan innebere at dei statlege miljøetatane og fylkesmennene sine miljøavdelingar får mindre makt.