«Vi ger bort hela skiten!»
Nettportalen archileaks.se, oppretta av Okidoki Arkitekter, skal sleppe fri så mykje arkitekturinformasjon som berre mogleg.
Arkitektane siktar høgt med portalen sin. «Många av de bästa webbutvecklarna i världen delar allt med varande,» står det på nettsida. Kvifor? «För att så blir det bättre webb. Alla blir bättre.» Okidoki vil difor gi bort alt det dei har. Vona er at mange kjem på vitjing og lastar ned alt dei finn, endrar dokument og gjer dei betre til nye frie nedlastingar.
Okidoki har ikkje ambisjonar om å kontrollere Archileaks i framtida. Prosjektet er ideelt og skal tene arkitekturen, står det. Archileaks treng likevel «erfarna mentorer för vårt utbildningsprogram, hängivna supportrar för att sprida ordet, närdar för att förbättra systemen & digitalt material föt att dela». Det er ifølgje Okidoki berre å melde seg utan å nøle til vi@archileaks.se.
«Idén ligger helt i linje med vad tidskriften Wireds chefredaktör Chris Anderson har skrivit, att i framtiden är informationen gratis men analysen kostar,» kommenterer Dan Hallemar i svenske Arkitektur.
Lanseringa av den nye nettstaden skjedde 24. oktober under Arkitekturmässan i Göteborg. Til opninga baud portalen på 107 filer, ifølgje Arkitektur.se. Da Arkitektnytt gjekk inn for å ta ein titt ei veke seinare, var talet vakse til 111 filer.
Arkitektane har dermed fått sin eigen Wikileaks, på svensk.