Nyheter
Vann vidaregåande i Bergen
Link arkitekter AS og Smedsvig Landskapsarkitekter AS vann den avgrensa prosjektkonkurransen om Sørås videregående skule i Bergen.
27. mars 2006
Hordaland fylkeskommune inviterte sju lag til tevlinga om den nye skulen på om lag 10 000 m² netto og 14 000 m² brutto, planlagt for rundt 800 elevar og 120 tilsette, den største skulebygningen fylkeskommunen har reist. Den nye skulen skal òg vere ein knutepunktskule for døve og hørselshemma.
Sørås videregående skole skal sjølvsagt yte tenester overfor elevane sine, men òg for andre aktørar i nærområdet i «eit lærande samfunn».
Skulen skal framstå som «samfunnet si storstove», og senteret i skulen skal ha preg av å vere «skulesamfunnet sitt landsbytorg» - med kantine, bibliotek, idrettshall og felles læringsareal.
Seks lag leverte utkast, og «Cote» av Link arkitekter AS og Smedsvig Landskapsarkitekter AS vart kåra til vinnar. Juryen var godt nøgd med plasseringa av skulen på tomta - slik at ein får eit oversiktleg og skjerma uteområde og ein klart definert inngang i bygningen sitt sentrum.
Prosjektet utmerka seg med å ha dei beste løysingane for utearealet, inkludert tilkomsten, og prosjektet er godt når det gjeld universell tilgjenge. Løysinga er fleksibel og tillet god flyt og kontakt mellom undervisningsareala, både vertikalt og horisontalt. Skulen blir oversikteleg og lett å orientere seg i, og juryen meiner at han har fått eit «tiltalande uttrykk med stort arkitektonisk potensial». Glassfasaden gir inntrykk av å kome til eit ope hus, men vil verte ei utfordring når det gjeld kontroll av lysinnslepp og varmetap.
Skulen skal stå ferdig til hausten 2009, og detaljplanlegginga startar no for utarbeiding av endeleg skisseprosjekt. Det skal så til politisk handsaming.
På vinnarlaget deltok arkitekt MNAL Rolf Maurseth (prosjektansvarleg), arkitekt MNAL Jeppe Appelin, arkitekt MNAL Svein K. Halleraker, sivilarkitekt Bjørn Feltens, sivilarkitekt Roland Simon Blaser, landskapsarkitekt MNLA Arne Smedsvig og landskapsarkitekt MNLA Ingvild Yri.
To prosjekt fekk delt andreplass: «Læringslandskap» av danske 3xNielsen A/S og «Zorro» av Arkitektgruppen Cubus AS og Rambøll Norge AS.
I juryen på sju var det tre arkitektar MNAL: Mette Melandsø (NAL-oppnevnt), Per Højgaard Nielsen (NAL-oppnevnt) og Roald Landøy, som òg var jurysekretær.

Landskapsplanen fekk ros frå juryen. (Illustrasjon: Arkitekten.)