Vakre Vegers pris til Bulandet-Værlandet
– I eit nake og sårbart landskap har ein med fagleg forankring, estetisk sans og respekt for omgjevnadane bygd ein veg som er eit vakkert møte mellom det menneskeskapte og den storslåtte naturen.
– Det som pregar denne vegen er det enkle og reine, både i utforming av bruene og materialbruk og forming av vegens sideterreng. Å køyre denne vegen er ei oppleving. Samspelet mellom vegen si lineføring og naturen vitnar om evne til å forstå både landskaps- og vegplanlegging, sier juryleder Anne Ogner om prisvinneren.
Vegdirektørens pris for vakre veger er en hederspris for anlegg med gode estetiske kvaliteter tilpasset omgivelsene. Krav til miljø, trafikktryggleik, fremkommelighet og teknologi må også møtes. Overrekkelsen av årets pris skjer 23. september.
Juryen har også gitt hedrende omtale til riksveg 161, Kirkeveien i Oslo, nærmere bestemt strekningen Middelthuns gate til Frogner plass.
– Utforminga av gata formidlar overgangen mellom Frognerparken og byen på ein vakker måte. Parken er trekt ut i gata, eller kanskje er det gata som er blitt ein del av parken. Dette er ei gate med mykje trafikk og mange funksjonar. Her har ein teke utfordringane, og lagt til rette for både biltrafikk, trikk, buss, syklistar og gåande – og samtidig klart å gje gata ei enkel og god utforming, sier juryen.
I juryen satt mellom andre siv.ark. MNAL Sixten Rahlff, oppnevnt av Norske arkitekters landsforbund, og l.ark. MNLA Tor Nilssen, oppnevnt av Norske landskapsarkitekters forening.