Nyheter
ANNONSE:

Vakre Vegers pris 2006

Statens vegvesen innbyr enkeltpersonar, organisasjonar, firma, kommunar, og fylke til å føreslå heile eller delar av anlegg som fortener ”Vegdirektørens pris for Vakre Veger” .


Prisen er ein heiderspris for anlegg med gode estetiske kvalitetar tilpassa omgjevnadene. Omsyn til miljø, framkomst og trafikktryggleik skal vere innfridd.
Anlegget må vere ein del av det offentlege vegnettet, og bør som hovudregel vere ferdigstilt i løpet av dei siste fem åra, men også eldre anlegg kan vurderast. Prisvinnaren vert peikt ut av ein uavhengig fagleg jury. Prisen vart sist delt ut i 2004, og gjekk då til Nedre Strandgate, Elveparken og Bragernestunnelen i Drammen.

Skjema for innsending av forslag ligg på Statens vegvesen sine
internettsider: www.vegvesen.no/vakrevegerspris/

Eventuelt kan dokumentasjon sendast
pr post til:
Statens Vegvesen Vegdirektoratet,
Utbyggingsavdelinga,
postboks 8142 Dep, 0033 Oslo
Merk sendinga: Vakre vegers pris 2006

Frist for innsending: tysdag 2. mai 2006.

For nærare opplysningar kontakt
fagsekretariatet:
Sunniva Schjetne, tlf 22 07 36 89 /
sunniva.schjetne@vegvesen.no
Alf Støle, tlf 22 07 37 18 /
mailto:alf.stole@vegvesen.no