Nyheter
Ung filmvinnar i grenselandet
Marius Hamm, 13 år, vann film- og fotokonkurransen «I Grenseland» om det offentlege rommet rundt markagrensa i Oslo.
5. oktober 2010

Kåringa skjedde 30. september, med shoppingsenteret Oslo City like ved Oslo sentralstasjon som arena. Publikum fekk sjå dei over 60 bidraga på den store skjermen over inngangen, og billarmen på staden drukna i fuglekvitter, fortel Ellen Haukås i alt.arkitektur, som trakk i trådane.
I juryen sat Amandapris-vinnar Karoline Frogner og fotolegenda Robert Meyer, i lag med Reidun Stubbe, Eivind Fivelsdal og Terje Håkonsen.
– Marius Hamm sin film, «Bermuda», er mykje presist fortalt. Vi har med eit filmtalent å gjere, slo Karoline Frogner fast.
Prosjektet har fått økonomisk støtte frå Groruddalssatsingen.