Tretopphytter til topps
Sivilarkitekt Espen Surnevik får European Steel Design Award 2019 for PAN-tretopphyttene på Finnskogen.

Bruken av stål i PAN-tretopphyttene på Gjesåsen i Åsnes kommune i Hedmark var altså så briljant at hyttene måndag fekk tildelt ein europeisk stålpris. Dei seks triangulære hyttene, med interiør i heiltre, er inspirert av universet til den finske forfattaren Tove Jansson.
Arkitekt Espen Surnevik er i godt selskap. Arkitektar som tidlegare har mottatt European Steel Design Award er Jean Nouvel, Herzog & de Meuron, Dominique Perrault, Juhani Pallasmaa, Sir Norman Foster, Richard Rogers, Ralph Erskine og Renzo Piano.

Tolv nominerte prosjekt
Tretopphyttene er utvikla for gründerane Kristian Rostad og Christine Mowinckel (PAN-tretopphytter). Konstruksjonane er utrekna av ingeniør Finn-Erik Nilsen, som arkitekt Surnevik har arbeidd tett saman med. Stålverkstaden ARMEC har vore ansvarleg for bygginga, saman med byggmeister Terje Nymoen.
European Steel Design Award blir delt ut annakvart år av European Convention for Constructional Steelwork (ECCS). Fagjuryen har sjølv nominert tolv prosjekt frå tolv europeiske land, og er såleis ikkje ein arkitekturpris som krev betaling og innsending.
