To vinnarar på Notodden
I konkurransen om jernverkstomta på Notodden vann Børve og Borchsenius og Dronninga Landskap AS med beste overordna grep og HRTB AS og Gullik Gulliksen AS med beste typologi for bustader.
Etter at ein la ned jernverket på Notodden og fjerna bygningsmassen på tampen av førre årtusenet, kan ein no ta i bruk strandkanten ned mot Heddalsvatnet på ein ny måte. Ei samarbeidsgruppe er blitt samde med det kommunalt eigde Vannfronten Eiendom AS om å kjøpe tomta, og har no arrangert ein avgrensa plan- og prosjektkonkurranse om det sentrumsnære området.
Fire lag med arkitekt og landskapsarkitekt fekk invitasjon til å vere med i dysten: HRTB med Gullik Gulliksen, Børve og Borchsenius med Dronninga Landskap, Kristiansen & Bernhardt med Grindaker, og Hille & Melbye med Bjørbekk & Lindheim. Dei fire laga kom med framlegg til hovudgrep for med bustader, kjøpesenter og andre forretnings-/kontorbygg, vegar og parkeringsplassar, båtplassar, offentlege og private uteområde. Oppgåva til juryen var å innstille ein eller fleire av deltakarane til gjennomføring.
Dei innkomne framlegga viste to hovudtypar av løysingar. I to prosjekt var senterstrukturen på Notodden drege vidare inn i området og ned mot Heddalsvatnet. I dei to andre var området i større grad handtert som ei ny bustadbydel. Juryen fann einstemmig ein vinnar frå kvar type.
Utkastet til Børve og Borchsenius og Dronninga Landskap AS hadde det beste overordna byplangrepet, meinte juryen – «et tydelig og robust grep som knytter sammen eksisterende og nye strukturer». Grepet styrkar den gamle tettstaden på ein god måte. Det omdefinerer E134 frå barriere til integrert bygate – ein aveny for roleg trafikk.
HRTB AS og Gullik Gulliksen AS hadde dei beste arkitektoniske løysingane for bustadene og senteret, med «en ny måte å tenke boligfunksjon», seier juryen. Utkastet viser «overbevisende holdninger til områdets ytterkanter og omkringliggende strukturer». Element frå dette utkastet bør òg finne ein plass i det vidare arbeidet med jernverkstomta.
På laget til Børve og Borchsenius og Dronninga Landskap AS arbeidde sivilarkitektane MNAL Jan Erik Martinussen, Berit M. Iversen, Kjersti Nordbotn og Jan Olav Horgmo, 3D-illustratør Karin S Skaug, landskapsarkitekt MNLA Ragnhild Momrak og landskapsarkitekt Gunnar Vatnar.
På laget til HRTB AS og Gullik Gulliksen AS var sivilarkitekt MNAL Ola Mowé hovudansvarleg. Han hadde med seg MNAL Bendik Aursand, MNAL Siv Larsson, dipl.ing. (arkitektur) Ann-Kathrin Lorek og landskapsarkitekt MNLA Gullik Gulliksen.
I Juryen sat tre arkitektar – MNAL Randi Wøien (leiar), MNAL Gunnhild Tveiten Garberg og MNLA Johan Østengen – i lag med tre representantar frå Jernverkstomta AS.