Nyheter

Timeglas på Tingvoll

Smedsvig Landskapsarkitekter AS vann den avgrensa prosjektkonkurransen for utvikling av miljøet kring Tingvoll kyrkje og prestegard.


Perspektiv frå «Timeglass», sett frå torget på opplevingssenteret.

Tingvoll kommune på Nordmøre er ein miljøfyrtårnkommune med drøyt tre tusen innbyggjarar. Kyrkja er frå siste halvdel av 1100-talet og mellom dei eldste i landet. Våningshuset på prestegarden er frå 1770-talet. Bioforsk Økologisk med om lag 30 tilsette held til på staden. Målet er å utvikle det historiske miljøet til eit kunnskaps- og opplevingssenter basert på økologisk tenking.

I konkurransen ba ein om gode planar for dette senteret. Tre firma var med, etter den vanlege prekvalifiseringa: Smedsvig Landskapsarkitekter AS, Arkitektgruppen Cubus AS og Gullik Gulliksen Vest AS.

Smedsvig Landskapsarkitekter vann med prosjektet «Timeglass». Det viser to trekantforma areal som ligg imot kvarandre slik at resultatet liknar eit timeglas. Opplevingssenteret er plassert i den øverste og største trekanten. Fjøset inngår i senteret, og ein opparbeidar torg, parkområde og dyrehamn. I den nedre trekanten, ut mot havet, har arkitekten lagt ein sansehage – i det litt vêrutsatte landskapet. Atkomsten til opplevingssenteret er i skjæringspunktet mellom trekantane. Der står menighetshuset, og der er parkeringsplassane.

Prosjektet er «delikat presentert», seier juryen og har meir ros å gi: «Prosjektet viser en klar og fin hovedorganisering, god forståelse, prosjektet er innholdsrikt og gjennomtenkt, og det er velfungerende», og det har «en ro og en kontroll som er tiltrekkende».

På vinnarlaget til Smedsvig Landskapsarkiteker var landskapsarkitekt MNLA Ragni Helweg, landskapsarkitekt Stina Karlsson og landskapsarkitektstudentane Anaïs Bernard og Aurelien Leborgne.

Arkitekten i den samstemde juryen på sju personar var MNAL Dag Langve Sauge. Han brukte landskapsarkitekt MNLA Mari Klauseth Hagen som konsulent i utarbeidinga av den faglege vurderinga.

 


 

Landskapsplan for utvikling av området i hellinga opp frå stranda ved Tingvoll kyrskje, vinnarframlegg frå Smedsvig Landskapsarkitekter AS.
Landskapsplan for utvikling av området i hellinga opp frå stranda ved Tingvoll kyrskje, vinnarframlegg frå Smedsvig Landskapsarkitekter AS.