Nyheter

Tillitsvalde på kurs i Bucuresti

I tariffområde Stat finst det eigne middel for opplæring av tillitsvalde. AFAG har innan dette tariffområdet i ei årrekkje arrangert årlege kurs for sine tillitsvalde. Årets kurs var dels saman med forbundsstyret. Forbundsstyret hadde også eige kurs i styrearbeid.


Bucurestis første sparebank. Alle foto: Bent Aaby.

I år var kurset lagt til Romanias hovudstad Bucuresti. Det var eit godt val, kurslokala var gode og det faglege og sosiale innhaldet av høgste klasse. Det var til stor hjelp at vi hadde med arkitekt Cristina Dumistrescu frå Husbanken. Ho er rumenskfødd og utdanna i Bucuresti. Gjennom familien hadde ho ordna med restaurantar, og ho hjelpte oss ut av flokar og ordna opp der det var behov for språkleg spisskompetanse. Og ikkje minst var hennar gode kjennskap til Bucuresti av uvurderleg hjelp for oss alle.

Pensjon og forhandlingsteknikk

Kvaliteten på det faglege innhaldet var sikra sidan både generalsekretær Tove Storrødvann, fagsjef Anders Kleppe og forhandlingssjef Odd Håker i Akademikarane var forelesarar, saman med sekretariatet og medlemar av forbundsstyret i AFAG.

Eit av tema for kursdagane var pensjon. Fagsjef Anders Kleppe gav her ei grundig og utførleg innføring i gjeldande og føreslåtte endringar i pensjonssystemet. Alle endringar er enno ikkje vedtekne, men dei kjem i sum til å gjera det naudsynt for den einskilde å sjølv legga av litt ekstra til framtidig «lønn».

Det andre temaet var forhandlingane 2008 på statssektoren. Forhandlingssjef Odd Håker og AFAGs advokat Robert Kjøsnes orienterte. Kursdeltakarane fekk òg prøve seg i strategi og argumentasjon gjennom eit kurs i praktisk forhandlingsteknikk og tvisteløysingar. Som kjent er Akademikarane sin politikk at mest mogleg av lønnsmidla skal fordelast lokalt. Dette tyder at vi må vera dyktige som forhandlarar om vi skal få den rettmessige delen vår.

Generalsekretæren i Akademikarane, Tove Storrødvann, orienterte om samarbeidet mellom akademikarorganisasjonane. Frå å vera ein gaukunge med stempel som egoistisk og grådig, blir Akademikarane no oppfatta som ein seriøs og ansvarsbevisst aktør som torer vera med i naudsynte endringar for å gjera samfunnet og det offentlege betre.

Det var også lagt inn eit besøk hos den norske ambassadøren i Romania, Øystein Hovdkinn, i hans residens. Han orienterte om Romania si historie og om samfunnstilhøve i landet i dag, saman med militærattaché, oberst Thor Arne Lysenstøen, konsul Anne Karin Bekken og Innovasjon Noregs representant i Romania, Anne Lise Rognlidalen. Besøket blei avslutta med mottaking i hagen til residensen.

Byens arkitektur
Etter besøket hos ambassadøren var det eit fagleg program leia av professor Marius Marcu-Lapadat, prodekan på instituttet for interiørarkitektur, eitt av tre fakultet på Ion Mincu Universitetet for Arkitektur og Urbanisme i Bucuresti.

Han tok oss fyrst med til Folkepalasset, Ceausescus gigantiske palass. Bygget blei plassert midt i Gamlebyen, og store delar av det historiske Bucuresti blei rive for å gje plass til palasset og paradegata omkransa av regjeringsbygningar og bustader. Marcu-Lapadat hadde sjølv vore med som arkitekt for detaljutformingar på bygget. Det er i dag huset til landets nasjonalforsamling og blir elles nytta til ei rekkje mottakingar og andre festlege arrangement.

Neste stopp var Bucurestis «litle Vatikan», Dealul Mitropoliei, senteret for den rumensk-ortodokse kyrkja og sete for Patriarken, overhovudet for kyrkja. Dette er den dominerande kyrkja i Romania, 86,8 prosent av befolkninga høyrer til henne, og i tillegg kjem medlemar i mellom anna Moldova. Palasset til Patriarken var tidlegare sete for deputertkammeret, bygd i 1907 med Dimitrie Maimarolu som arkitekt. Det blei teke over av kyrkja i 1997. Bygget har ein neoklassisk fasade, og er direkte knytt til Patriarkens domkyrkje.

Ferda vidare gjekk mellom anna gjennom arkeologiske utgravingar i den eldste delen av Bucuresti, og vi var òg innom ei av dei gamle ortodokse kyrkjene i byen. Punktum for rundturen var området rundt Revolusjonsplassen. Det var her folket 21. desember 1989 tvang diktator Ceausescu til å flykta frå byen. Sentralt på plassen står det tidlegare kongepalasset frå 1927–37, som i dag er nasjonalgalleri. Her ligg òg Atheneum, den nasjonale konserthallen, teikna av den franske arkitekten Albert Galleron og opna i 1888. Like ved står òg ei ortodoks kyrkje bygd i 1722. I eit av hjørna er Arkitektanes hus. Dette bygget var tidligare lokale for det hemmelege politiet.
Alt i alt blei kurset i Bucuresti ein suksess, både fagleg og sosialt, og våre tillitsvalde på statssektoren står no enno betre rusta til å hjelpa AFAG sine medlemar i Staten.

Mottaking i den norske ambassadørbustaden.
Mottaking i den norske ambassadørbustaden.
Arkitektanes hus var tidligare lokale for det hemmelege politiet.
Arkitektanes hus var tidligare lokale for det hemmelege politiet.