Nyheter

Tegl i toppen

MVRDV og Dark Arkitekter heidrast for innovativ bruk av tegl i DNB-høghuset på 17 etasjar i Barcode-rekkja i Oslo.

MVRDV med Dark Arkitekter vann Murverksprisen 2013 med dette huset. Foto: Jiri Havran

Midtbygget til DNBs nye hovudkontor blir påskjønna med Murverksprisen 2013 under Norsk Murdag 25. april på Quality Hotel 33 i Oslo.

 

Utvendig og innvendig

I reguleringsplanen for området, kalla «Barcode», låg det inne eit krav om variasjon i fasadematerial, og ein valte å bruke tegl for den midtre av dei tre bygningane til DNB, ei like overraskande som vellukka løysing, meiner juryen for Murverksprisen.

 

Konseptuelt er bygningen «planlagt som en massiv blokk modulært formet.» I tillegg er det etablert eit system av «lettere utvendige glassvolum i hovedsak inneholdende kommunikasjons- og pauseareal».

 

Tegl er brukt både utvendig og innvendig. Den står fram som eit vesentleg arkitektonisk element, som understrekar konseptet, seier juryen. Teglsteinen dekkjer til stålsøylekonstruksjonane. Teglvolum uttrykkjer seg som berande konstruksjonar.

 

Juryen gir særskilt ros for bruken av tegl i interiøra. Deit er bygd opp ikring den varme og lyse fargetona i teglen, saman med naturmaterial som tre og naturfarga lær.

 

Forfriskande originalitet

Konstruksjonar og tekniske detaljar viser «stor tverrfaglig vilje», seier juryen og peikar på spesialutforma sålbenkar i tegl til innsetting av vindauge og prefabrikkerte teglhimlingar. Resultatet er ein forfriskande originalitet som går «noe på tvers av vedtatte sannheter om hva som er den ’korrekte’ bruk av tegl».

 

Juryen gler seg over dette og den høge kvaliteten på den handverksmessige utføringa. Den lyse teglen frå Randers tegl er brukt «både som fôr innvendig og ytterfrakk utvendig», heiter det i ei morosam formulering.

 

Murverksprisen blir delt ut i samarbeid mellom Norsk Murforum og Norske arkitekters landsforbund.

 

Bak bygget står MVRDV og Dark Arkitekter AS, vidare Oslo S Utvikling AS (oppdragsgiver), DNB Liv (eier), Vedal Prosjekt AS (prosjektledelse og gjennomføring), Murmester Rolf Holm AS (murarbeider) og Multiconsult AS (byggeteknisk konsulent).

 

I juryen sat sivilingeniør Ole H. Krokstrand (formann), sivilingeniør Preben Jensen, ingeniør og redaktør Mari Flaata, sivilarkitekt MNAL Gro Eileraas (oppnevnt av NAL) og professor MNAL Einar Dahle (oppnevnt av NAL).