Strategisk samarbeid om BIM
Dei seks største rådgjevarfirma i RIF går i hop om eit strategisk samvirke for å få tenlege BIM-system. Dei inviterer òg arkitektkontor til å bli med.
Norconsult, Rambøll, COWI, Sweco, Asplan Viak og Multiconsult har danna ei felles arbeidsgruppe som skal fremje ein god og effektiv bruk av BIM (Building Information Modeling). I dag kjempar leverandørane om å tilby nye system og hjelpemiddel som ikkje alltid svarar for det utøvarane i næringa treng. Byggenæringa framstår som fragmentert.
Det vil ein gjere noko med, står det i pressemeldinga. For maksimalt utbytte av BIM er det viktig at alle dei mest sentrale aktørane i eit byggeprosjekt får til eit godt samspel. RIF og dei store rådgjevarbedriftane inviterer difor òg relevante arkitektkontor til å ta del i det strategiske arbeidet.