Nyheter
Tettstadkonferansen 2006:

Stort landskap - små stader

24.-25. oktober i samfunnshuset, Årdalstangen.


Bakgrunn
Sidan vi starta opp arbeidet med "Forsøksringen for byggeskikk og tettstadforming" på slutten av 80-talet, har det skjedd mykje positivt i tettstadane våre. Fylkeskommunen har årvisst løyvd tilskot til gode tettstadprosjekt rundt omkring i fylket. Men no treng vi mobilisering for utforming av tettstadane våre inn i ei ny tid - for utfordringane er mange; Det er ofte dei store utbyggjarane og eigedomsutviklarane som i dag legg premissane for bustad- og tettstadmiljøa. Utformingane av tettstadane vert for like og einsformige eller sentrumsområda mister møteplassane sine. Det er difor viktig at også kommunane har haldningar, verktøy og verkemiddel til å heve kvaliteten i det fysiske miljøet i samarbeid med utbyggjarane.

Spennande tema - røynde foredragshaldarar
Vi får ulike foredrag om forming av bygd og by, industri- og småskalasamfunn. Men vi startar med professor Jørgen Amdam sine kvalifiserte vurderingar om arbeidsplassar og busetting i "industri og småskalasamfunnet Sogn og Fjordane", medan Birgitte Wohl frå KRD fortel oss kva tiltak og tilskot vi kan vente oss i den nye regional- og distriktssatsinga til styresmaktene.

Den danske arkitekten Solvejg Reigstad frå Jan Gehl sitt institutt "Center for byromsforskning" snakkar om gode offentlege rom i by og bygd.

Elles bidreg fleire eksterne og lokale krefter - sjå programmet på heimesida til fylkeskommnen: http://www.sf-f.kommune.no - og meld deg på til to spennande dagar i Årdal! Påmelding snarast.

Kontaktpersonar:
Mona Steinsland, regionalavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune tlf. 57 65 62 42
Trond Sundby, regionalavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune tlf. 57 65 62 49
Siri Benjaminsen, Årdal kommune tlf. 57 66 51 24
Steinar Lægreid, Årdal kommuen tlf. 57 66 51 00