Nyheter

Statsbygg med hastefrist

Statsbygg treng ei vurdering av tilstanden til Regjeringskvartalet og vil ha anbod på oppdraga i løpet av ei veke.


Høyblokka etter bombeattentatet (bildet er tatt 11.08.2011). Foto: Tor Heimdahl/Statsbygg

Ryddinga og saneringa av Regjeringskvartalet er i gang. Bygningar med berre mindre skade kan rehabiliterast. Skadane må kartleggjast slik at ein kan ta stilling til kva slag tiltak ein vil gjennomføre.

 

Statsbygg har no lyst ut to anbudskonkurransar, ein for byggeteknikk og ein for elektro og VVS, og vil etablere ei rådgjevargruppa med ekspertar frå ulike firma. Arbeidet med tilstandsvurderinga skal etter planen ta til i november, og det meste av jobben skal vere gjort før jul.

 

Anbodet vart gjort kjent i ei pressemelding på Statsbygg sine nettsider torsdag 27. oktober, og fristen er sett til fredag 4. november.

 

– Er det greitt med så kort frist, Kjersti Nerseth, president i NAL?

 

– Det kan eg ikkje svare på, men NAL er oppteken av at det blir gjort ei grundig undersøking av tilstanden, og spør om anbodsfristen er tilstrekkeleg.

 

– Kvifor er fristen så kort, Pål Weiby, kommunikasjonsrådgiver i Statsbygg?

 

– Fordi vi vil kome i gang med arbeidet så raskt som mogleg. Eg trur ikkje fristen er for stutt, og det har lege i korta at oppdraga ville kome.

 

Sjå pressemeldinga frå Statsbygg.

Høyblokka etter bombeattentatet (bildet er tatt 28.07.2011). Foto: Scanpix/Statsbygg
Høyblokka etter bombeattentatet (bildet er tatt 28.07.2011). Foto: Scanpix/Statsbygg