Nyheter
Stats- og kommunetilsette på AFAG-kurs i St. Petersburg
I oktober arrangerte AFAG det fyrste felles kurset for tillitsvalde innan stat og kommune. Gode kontaktar mellom tillitsvalde i AFAG og universitetsmiljøet gjorde det mogleg å holda kurset i St. Petersburg i Russland.
18. januar 2005
Den økonomiske støtta til dette kjem frå OU-midla (opplysnings- og utviklingsmidla) som stat og kommune betaler inn som ein del av hovudtariffavtalene. I fleire år har det på kommunal side ikkje vore avsett middel til tillitsmannsopplæring. Dette blei heldigvis endra i 2003. Tidlegare har det ikkje vore mogleg å arrangera slike kurs for tillitsvalde i kommunane, medan dei statstilsette har hatt slike kurs i mange år allereie. Det blei difor sett på som viktig å legga ei historisk ramme rundt seminaret...
Europeisk og sovjetisk
St. Petersburg er ein spennande by for arkitektar og planleggarar. Då byen blei bygd for 300 år sidan (1703) på sumpområdet ved Nevas utløp, blei dei fremste byplanleggarane, arkitektane og hagearkitektane i Europa inviterte til Russland for å planlegga og bygga Russlands hamn mot Austersjøen, som etter få år også blei hovudstad. Førebileta var Amsterdam, Venezia og fransk barokk for dei fyrste arkitektane. I byrjinga blei byprosjektet håna av svenskane, som hadde hatt området under sitt herredøme. Men etter kvart blei byen «Europas Paradis», i alle høve hevda Peter den store det.
Det meste av den gamle byen er framleis synleg i sentrum. Samstundes er Sovjettidas arkitekturideal veldig nærverande også, til dømes i bydelen Polkova. Denne var tenkt som byens nye sentrum etter oktoberrevolusjonen, og er dominert av det som skulle bli byens nye rådhus, med ei gigantisk Leninstatue framfor seg. Ikkje langt ifrå ligg monumentet som viser kor frontlina mellom sovjetiske og tyske styrkar låg under den 900 dagar lange omringinga av Leningrad i den andre verdskrigen.
Dialog
Sjølve kurset blei halde på det norske universitetssenteret i St. Petersburg. Dette senteret er relativt nytt og blir drive av dei norske universiteta i fellesskap. Her blei vi godt teke imot av senterets styrar Lillian Helle.
Tema for møtet var gjennomgang og oppsummering av årets sentrale og lokale forhandlingar. Samtidig fekk dei tillitsvalde høve til å læra meir om dei ulike forhandlingsordningane som finst innan stats- og kommunesektoren. Det synte seg også at ein kunne læra mykje av kvarandre, no som systema blir meir og meir like kvarandre. For de statstilsette var det spesielt lærerikt å få høyra om røynslene frå kommunesektoren, der alle forhandlingar om løn no ligg på det lokalet nivået. Innan statssektoren diskuterer ein nemleg om ein også der skal gå over til eit motsvarande system. Sjølv om systema ikkje blir identiske på dei to sektorane, vil det alltid vera ein viss lokal pott til fordeling også innan staten. For å koma i godt inngrep med desse lønsmidla er det nyttig for ein statstilsett å ha kunnskap om korleis det blir argumentert i kommunesektoren. Og kanskje er ikkje det kommunale forhandlingssystemet så «farleg» likevel.
Rundtur
Når ein er på kurs i ein så spannande by som St. Petersburg, er det sjølvsagt også viktig å ha eit fagleg program. Forutan det dei einskilde deltakarane fekk med seg på eigenhand, vart det arrangert ein busstur saman med Mikhail Petrovich frå Urbant institutt/byplanavdelinga i byen. Han tok oss med rundt til ulike delar av byen og fortalde om byens historie. Vi fekk sjå heilt ferske døme på byfornying og opprusting av uteareal med gågater, gatetorg osb., modernisering av 1980-talsbygg frå siste del av sovjetperioden, utfordringar med tilpassing av moderne bygg til 1800-talsbygg i den meir sentrale bykjernen og dei store utfordringane byen har med omsyn til framtidig kollektivtransportsystem. Etter eit besøk ved kryssaren Aurora blei omvisinga avslutta med besøk i både Peter-Paul-festningen og Isak-katedralen. Begge er storslåtte byggverk som kan samanliknast med einkvar europeisk katedral og med gode eksempel på russisk materialbruk og handverk. Dei songglade tillitsvalde såg også ut til å setta stor pris på russisk munkesong og ei ortodoks messe.
Byen har i dag rundt fem millionar innbyggarar. Den har ein veksande privatbilisme, men eit vegnett og ein kollektivtransport som på ingen måte er dimensjonert for å handtere så mange. Men byen har ein sjarm som fleire med fordel kunne ha gleda av å oppleva frå sykkel. For tida er dette ikkje tilrådeleg.
Fleire kursplanar
AFAG kommer også i framtida til å arrangere felles kurs for tillitsvalde. Men erfaringane frå årets kurs fortel oss at neste gong vil det bli på ein stad der forholda er meir kjende, og der språkbarrieren ikkje er like framtredande. Og så kan kursa for dei einskilde sektorane i framtida gå til meir fagleg interessante stader. Kanskje kan det ein gong også bli høve til å halda felles kurs med tillitsvalde frå privat sektor.

Hestedrosje gir god anledning til å studere arkitekturen i byen. Her en stopp på Palasstorget.