Nyheter

Statens byggeskikkpris til Hamsunsenteret

– Eit prosjekt og ein arkitektur av særs høg nasjonal og internasjonal klasse.

Her står Hamsunsenteret, og kan ikkje anna. Foto: Steven Holl Architects

Dette seier juryen om kulturbygget på Hamarøy i Nordland, mottakaren av Statens byggeskikkpris 2011.?

 

Statsråd Liv Signe Navarsete ropte tysdag 7. juni ut vinnaren på DogA i Oslo, av den mykje viktige prisen innanfor norsk byggebransje. Han kjem med både stor fagnad og 200 000 kroner på deling mellom dei som står bak verket, i år Steven Holl Architects, LY arkitekter as, Landskapsfabrikken og Nordland fylkeskommune, som byggherre.

 

Overskridande

Hamsunsenteret «overskrider mange vante forestillinger», meiner juryen. Arkitekturen «både provoserer og begeistrer gjennom sin sterke, klare og utradisjonelle form». Men bygget høver mot den dramatiske horisonten av nordlandsnaturen, og Hamsunsenteret er «et stykke dypt original arkitektur som beveger på mange plan, og som oppfyller alle sine funksjoner på en eksepsjonelt spennende og annerledes måte».

 

Prosjektet illustrerer at utradisjonelle satsningar med arkitektur i ei sentral rolle kan vere med å fremje lokalt reise- og næringsliv, men det hadde aldri vorte realisert utan innsatsen og engasjementet til ildsjelar og enkeltindivid, legg juryen til. Der sat Erling Dokk Holm som leiar i lag med Magnus Helland, Grete Kvinnesland, Marit Thyholt og Magdalena Haggärde.

 

Heile 90 bygg var påmeldte som kandidatar til prisen. Sju gjekk til finalen med ekstra gransking og vitjing frå juryen – Korsgata 5 i Oslo,? Fyrstikkalleen skole i Oslo,? studentbustadene på Fantoft i Bergen, Rommen skole og kultursenter i Oslo,? Rockheim i Trondheim, Alfaset Krematorium i Oslo, og altså? Hamsunsenteret på Hamarøy i Nordland. Rocheim fekk hedrande omtale av juryen.