Nyhet

Staten lagar eigne kontorkonsept

– Sjølv om me skildrar veldig tydeleg kva me skal ha, så teiknar arkitektane gjerne ut noko heilt anna, seier sjølvlært arbeidsplass-strateg Stephan Alexander Hardersen Soós i Arbeids- og velferdsdirektoratet.


Fra papirutgaven Arkitektnytt 11/2019
Slik blei resultatet av Hardersen Soós’ arealkonsept hos NAV Fredrikstad, som blei ferdigstilt i fjor. Første året har kontoret hatt tusen besøkjande som vil inspirerast på kontorfronten. Lokala på Værste er delt inn i fire ulike arbeidssonar, med 2,1 arbeidsplass per person. Arkitekt var Griff arkitektur. Foto: Petter Kongrød/Sterk kommunikasjon.

Stephan Alexander Hardersen Soós er ein av få sjølvlærte formgjevings-strategar i kontorbransjen, og arkitekten bak NAV-direktoratet sitt nyaste arealkonsept. Politiet, Statens vegvesen og Skatteetaten arbeider med liknande konsept. Det trengst for å sikra arkitekturkvalitet i kontora. 

Varierande forståing

Hardersen Soós har sett litt av kvart på kontorfronten, både strålande utforming og stader kor estetikken kjem i vegen for funksjon. Som del av strategiarbeidet for Arbeids- og velferdsdirektoratet er Hardersen Soós med i eigedomsprosessar når NAV skal skaffa seg passande lokale. Arkitektbidrag til slike prosessar viser varierande forståing for kva kundane treng.

Arkitektvisjonar kjem i vegen

– Sjølv om me skildrar veldig tydeleg kva me skal ha, så teiknar arkitektane gjerne ut noko heilt anna. Så eg opplever at veldig mange er mest interesserte i kanskje å følgja sin visjon av korleis ting skal vera – og så er ein kanskje ikkje like flink til å finna ut av kva kunden eigentleg treng. Der skurrar det litt iblant. 

– På kva måte kan arkitektar sine visjonar komma i vegen? 

– Eg såg eit fantastisk prosjekt i Nederland som hadde vunne mange prisar, og som såg veldig flott ut. Men ein er på det nivået at dersom du set deg på stolen, så glir du av. Stolane er ikkje laga for å sitja på. Det ser flott ut, men ingen kan bruka det. Heile bygget blir ei utstilling, seier Hardersen Soós.

Det er ein del av det visuelle og estetiske som nokre gonger kan gå utover funksjonalitet, og føra til støy og trafikk, seier Stephan Alexander Hardersen Soós. Foto: Petter Kongrød/Sterk kommunikasjon.

Gode intensjonar

Hardersen Soós saknar tilsvarande forståing for planløysingar, sjølv om intensjonane er gode. 

– Det er ein del av det visuelle og estetiske som nokre gonger kan gå utover funksjonalitet, og føra til støy og trafikk. Bygget ser flott ut dersom du får lysgjennomgang her. Men på den andre sida, opnar ein opp bygget slik at støy på det eine området går rett gjennom til den andre, forklarer han. 

  Hardersen Soós får framleis teikningar der kjøkkenet eller døra inn til møterom er plassert rett ved arbeidsplassar.  

– Ein veit jo at alle møte startar på gongen og blir avslutta på gongen, forklarer Hardersen Soós. 

Funksjon og form 

– Kva rolle speler arkitekturkvalitet, estetikk, planter? 

– Fargebruk er med på å setja stemning og er med på å påverka åtferda vår. Har du ein aggressiv raudfarge gjennom det heile, så blir det ikkje så vellukka. Planter i lokalet er noko av det mest fantastiske me kan gjera. Dersom ein vel dei rette plantene, får du mykje betre luftkvalitet. Og så får mennesket det betre av å vera nær planter. 

– Er du opptatt av estetikk? 

– Eg vil seia ja, men ikkje på bekostning av funksjonalitet. Det viktigaste for meg er jo at det fungerer. Nokon skal betala pengar for å vera der, seier kontordesignaren. 

Kan vera meir opptatt av estetikk

I Arbeids- og velferdsdirektoratet har Hardersen Soós skapt sin eigen metode for å utvikla best moglege kontorkonsept. Prosessen handlar om å få kontroll over kva behovet er, før ein snakkar om kva løysingane skal vera, seier Hardersen Soós. Han meiner at det berre er når ein forstår kombinasjonen av dei tilsette sine framtidige behov og retninga verksemda skal gå, at ein kan byrja å snakka om løysingar og dimensjonar. Evalueringar og målingar av dei tilsette si subjektive oppleving av kontordesignet, er eit av Arbeids- og velferdsdirektoratet sitt viktigaste parameter for kor godt det fungerer. 

– Korleis kan design byggja oppunder bedrifta sin arbeidsmetodikk? 

– Den kan det dersom ein forstår kva arbeidsmetodikken skal vera. Og der opplever eg å møta selskap som er meir opptatte av estetikk enn funksjonalitet. Slik at ein har laga fantastiske lokale, men dei kan eigentleg ikkje brukast, seier han. 

Rådata frå sensorar

Då må bedrifta ta ei runde med seg sjølv. For det er ikkje alltid at kunden anar kva dei held på med. 

– Eg møter bedrifter som ikkje anar korleis dei eigentleg jobbar. Dei veit ikkje korleis dei jobbar i dag, dei veit ikkje korleis dei skal jobba i framtida. Arbeidsmetodikken er ukjend, så det speler inga rolle kva løysing dei vel, utdjupar Hardersen Soós.

  Ein ny trend innan arbeidsplass-design er sensorar som gjer enkle teljingar som skal skapa grunnlaget for ny utforming. Det er Hardersen Soós litt kritisk til, fordi mange bruker resultata til å kutta ut område som ikkje blir brukte i dagens situasjon.  

– Det blir berre rådata som ikkje fortel så mykje. Kvifor blir det ikkje brukt? Er det møbelet, er det rommet? Er det noko ein ikkje får svar på? spør Hardersen Soós. 

Arkitekten versus kunden sitt behov

Norske arkitektar veit altså ofte kva dei gjer, meiner Hardersen Soós. Det berre varierer litt. 

– Den største forskjellen ein ser, er at ein har hatt for vane å teikna ut kontorlandskap, cellekontor eller ein kombinasjon av dei to. Så når ein byrjar å snakka om andre typar arbeidsplassar, så er det kanskje noko som skurrar litt.

– Korleis då? 

– Det er ikkje nokon ferdig mal. Det må alltid tilpassast den som skal bruka det. Det er eit kjempespenn frå bedrift til bedrift. Då er det bedrifta sitt behov som må komma fram, ikkje nødvendigvis kva som er arkitekten sitt behov eller interiørarkitekten sitt behov, seier Hardersen Soós. 

Må vera fleksible

Sidan bedrifter og statlege instansar med jamne mellomrom driv med omorganisering og skalering, held Hardersen Soós på kor viktig fleksible løysingar blir framover. Han saknar fleksible fleirbruksmøblar frå skandinaviske møbeldesignarar. Målet er å kunna designa eit rom ein kan gjera meir enn éin aktivitet i. 

– Det er utruleg vanskeleg å spå kva bedrifta treng om fem år, om ti år. Alle lokale må ha mest mogleg fleksibilitet. Så jo meir skreddarsaum du har for ei lita eining, jo meir må du byggja om, forklarer Hardersen Soós.

– Mange har ein kvardag kor dei må reisa heim for å jobba konsentrert. Då tenkjer eg at lokalet er mislukka.