Staselege statlege finalistar
Av 60 påmeldte prosjekt er sju på oppløpssida for tildeling av Statens byggeskikkpris.
Dei sju toppkandidatane til arkitekturprisen er:
Christian Krohgs gate 39 (Oslo)
Fryd Barnehage (Oslo)
Nedregate Kulturkvartal (Oslo)
Mathallen på Fisketorget (Bergen)
Stavanger kulturskole og Stavanger katedralskole (Stavanger)
St. Olavs Hospital (Trondheim)
Steilneset minnested (Vardø)
Statens byggeskikkpris er den høgaste heidringa eit bygg kan få her i landet, og juryen er difor nøgd etter å ha fått inn mange gode framlegg til kandidatar, sjølv om dette også har gjort utveljinga krevjande.
Dei sju finalistane er av mykje ulike slag. Det dreier seg om bustader, skuler, ein barnehage, eit sjukehus og nærings- og kulturprosjekt. Dei ligg godt spreidd i landet, sjølv om dei fleste høyrer til i dei største byane. Det står om kvaliteten på arkitekturen, om brukbarhet og miljø. Juryen skal vitje kvart einaste eitt av dei sju finalebygga og granske dei for å kåre den staselege og statlege vinnaren.
Det blir ei stor oppgåve for juryen for fireårsperioden 2013–2016, leia av Anne Enger, fylkesmann i Østfold. Ho har med seg sivilarkitektane Ellen Haug, Olav Kristoffersen og Geir Svenningsson og landskapsarkitekt Anita Veiseth (med vararepresentantane Magnus Aune Kvam, Karin Høyland, Tonje Broch Moe og Todd Saunders).
Laurbærkransen ventar i Litteraturhuset i Oslo, frisk og frodig fram til utdelinga 25. juni, og vona er at han skyt nye grøne skot frametter.