- Stå på for Brandbu!
Waterfront development på Hadeland, kvifor ikkje? Bygdeutviklinga får globale førebilete i indre Oppland.

«Alle vegar går til Brandbu,» sa ein før i tida, i alle høve før 1962, da Brandbu var ein eigen kommune. Namnet har med brann å gjere, men staden har likevel ikkje vore den håttaste dei seinare åra. Da er det godt å lese i lokalavisa Hadeland på internett 11. desember at ein på nytt vil satse på denne staden i Oppland.
Folkeleg initiativ
Satsinga kom i stand etter eit folkemøte på Bergslia i oktober, opplyser Hadelandsavisa. Her kan Arkitektnytt, med serskilt inside-information, opplyse at det er halde mange gilde festar på forsamlingslokalet Bergslia, og at Bergstjernet like bak har vore arena for meisterskap på skeiser, den gongen hadelendingar dominerte denne edle sportsgreina. Før i tida låg óg lokala til avisa Hadeland i området.
Artikkelen i Hadeland, signert Jørn Haakenstad, fortel vidare at det er oppretta eit interimsstyre på tolv personar, med Torill H. Grimsrud frå Røykenvik som leiar. Ho seier at dei vil smi medan jarnet er varmt og arbeide både langsiktig og kortsiktig. Styret har alt halde to møter, og det tredje er planlagt i januar.
Ikring Vigga
Brandbu er definert som «landsbyen på Hadeland», og ein har kontakta arkitekt for å visualisere framtidsvisjonar, står det å lese. Elva Vigga, som renn gjennom Brandbu, har ein sentral plass i satsinga. Til delmåla høyrer utvikling av «Elvelangs», flomvern, natursti og fiske.
Men Brandbu er meir enn Vigga. Ein vil òg gje Røykenvik eit nytt løft og utvikle Størenslunden som folkepark. Denne skrånande bjørkelunden med scene og trivelege is- og pølsebuer har vore den sentrale arenaen for feiringar av 17. mai på Brandbu gjennom alle tider – kva skal ikkje skje her i 2014?
Natur og historie
Kapitalkreftene må med på laget. Eit mål for satsinga er å auke merksemda for handelsverksemda i Brandbu. Interimsstyret spør seg om det er noko å lære på Jevnaker og Dokka , tettstader i kvar si ende av Randsfjorden. Jevnaker høyrer elles Hadeland til, og er mest for ein storby å rekne.
«Brandbu har mange fortrinn, med flott natur og Vigga gjennom sentrum. Det er historie her fra vikingtid og historietid langs Vigga,» seier Grimsrud. Ho ser for seg at Bergstjernet kan bli rekreasjonsområde ringa inn av tursti, at ein kan halde dugnadar, og at ein kan trekkje inn folkehøgskulen på staden. Dei kommunale bygningane i Brandbu «er ikke akkurat noen forskjønnelse», seier ho, men det er elles ikkje lenger «lov» å vere negativ. Ein skal no berre snakke positivt om Brandbu.
Ein får likevel vone at Brandbu ikkje blir fullt så hått som Brandbukampen i permtida.