Sossvika-prosjektet får millionstønad
Kommunal- og regionaldepartementet gir 1,5 millionar kroner til «Bygda versjon 2.0», utviklinga av ein ny type landsby på Stokkøya på Trøndelagskysten.
Prosjektet, som vart presentert som «Sossvika-laboratoriet» i Arkitektnytt 3/11, er mellom dei 43 utvalde prosjekta som får pengar frå Regjeringa si Bolyst-satsing, med ein pott på 50 millionar, saman med til dømes Ecobox-prosjektet «Framtidens bygder».
Å reparere
Stokkøya har i dag om lag 300 innbyggjarar. Dei har nyleg fått solid veg til fastlandet over ei 525 meter lang bru til Stokksund. Ei anna bru bind Stokkøya og Linesøya i hop, men arbeidet med denne etterlét seg diverre eit stygt arr i landskapet.
Den første steget i Sossvika-prosjektet er å reparere dette arret. Det skal ein gjere ved å sjå på det som noko ein kan aktivere på en positiv måte, i staden for å la området «forbli negativt ladet,» som det står i søknaden til departementet.
Å byggje nytt
Den andre og største oppgåva er å utvikle staden som ei norsk landsbygd på ein ny måte «med bruk av samtidsarkitektur, forståelsen av sosiale mønster, antropologi i forhold til beveggrunner for menneskers bosetning og et potensielt valg om et ruralt liv», som det heiter i søknaden.
Målet er å utvikle ein medveten symbiose mellom busetting og næring: «Vi ønsker å skape et unikt, fortettet, bærekraftig og moderne bo- og arbeidsmiljø i fjæresteinene med en bevissthet om hva som beveger seg i tiden og hva som kommer,» står det, og det «vi» som her talar, er arbeidsgruppa ved Roar Svenning, Ingrid Langklopp og arkitektkontoret Pir II.
Målet er meir konkret å få fram om lag 20 einebustader, om lag ti leiligheter, fellesfasilitetar, 5–10 næringsetableringar og 4–6 forskingsprosjekt.
Prosjektet skal stå for noko nytt i måten ein kan bu på i grisgrente Noreg: «Vi tror at mange ønsker å bo i rurale strøk, men ikke nødvendigvis slik mange bygdesamfunn er bygd opp i dag. Vi vil gjøre det forståelig og attraktivt å bo på landet.»
Langt att
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete har sagt at ho gler seg til å følgje prosjektet vidare, opplyser Adresseavisen. Ildsjelen, sauebonden og gründeren Roar Svenning seier til avisa at pengane vil gå med til planlegging, og etter kvart litt fysisk arbeid, men dei treng meir kapital og har òg søkt Innovasjon Norge om stønad.