Nyheter

Sør-Gjæslingan freda som ein heilskap

Fiskeværet Sør-Gjæslingan i Nord-Trøndelag, som rommar fleire hundre års værhistorie, vart freda av Kongen i statsråd 1. oktober.


Bustaden til væreigaren på Sør-Gjæslingan, fiskeværet som no er freda som kulturmiljø. Foto: Kjell Andresen/Riksantikvaren

Sør-Gjæslingan var i si tid eit av dei viktigaste fiskeværa sør for Lofoten.

 

Opp mot fem tusen fiskarar samla seg her i høgsesongen. I dag er det ikkje fastbuande att. Væreigaren gjekk konkurs i 1978. Ein la ned skulen, og folk flytta vekk. No skal ein ta vare på heile det særprega bygningsmiljøet – med rorbuer, fiskemottak, salteri, trandamperi, forsamlingshus, skule, brygger, moloar, rekkjer av fiskehjell og bustaden til væreigaren.

 

Å frede heilskapelege kulturmiljø er eit ganske nytt verkemiddel i kulturminnepolitikken. Det skjedde først gongen i 1998 med fredninga av Havråtunet i Hordaland. Sidan har turen kome til Neiden i Finnmark, Utstein i Rogaland, Kongsberg sølvverk i Buskerud, Sogndalstrand i Rogaland og Birkelunden i Oslo.

 

Miljø- og utviklingsministar Erik Solheim gler seg til å vitje Sør-Gjæslingan til sommaren. Han vonar på ein stor folkefest i høve fredninga, seier han i pressemeldinga frå Miljøverndepartementet.