Sogn og Fjordane arkitektforening
NALs lokalforeninger forteller om sitt arbeid. Denne gangen er det Sogn og Fjordane sin tur.

Arkitektstanden i Sogn og Fjordane treng eit felles prosjekt. Eit prosjekt som kan vere samlande, og som kan setje oss på kartet. Det sitjande styret si tilnærming til oppgåva har vore å etablere felles satsingar som vi kan arbeide med i heile styreperioden vår. Det sitjande styret har som målsetjing å få sett i verk og om muleg gjennomført eit eller to større prosjekt innan 2011.
«Arkitekturguide for Sogn og Fjordane» er eitt prosjekt. Dette vert ein omfattande trykt guide som skal skildre arkitekturstoda i fylket vårt. Dette arbeidet vert gjennomført i samarbeid med Selja forlag. Tidlegare leiar i SoFA, Kolbjørn Nesje Nybø, har tatt på seg oppgåva som redaktør. Alle medlemane har vorte oppmoda om å kome med bidrag til guiden, og på vårparten i år vert det gjennomført ein felles workshop om temaet. Boka skal forhåpentleg ligge under mange juletre i fylket i år.
I tillegg ønskjer vi å etablere eit større arrangement som vårt fylke sitt bidrag til arkitekturdebatten i Noreg. Arbeidstittelen er «Vern og utvikling» og målsetjinga er å få i stand eit symposium med nasjonal interesse. Om dette vert gjennomført i vår periode gjenstår å sjå, men spiren er i alle fall sådd.
Av dei 14 lokallaga i NAL er Sogn og Fjordane Arkitektlag, SoFA, med om lag 40 medlemar, det nest minste. Med stor geografisk spreiing er aktivitetsnivået relativt avgrensa, og vanlege medlemsmøter vert gjennomført to gonger i året. Eit på våren og eit på hausten. Trass i liten medlemsmasse og lang reiseveg har vi relativt god oppslutnad om dei møta vi arrangerer.
For å auke tilbodet til arkitektane i fylket, har det sitjande styret innleia samarbeid med andre lag og organisasjonar. Dei siste åra har vi mellom anna samarbeidd med EBA Vestenfjelske om ein bygg- og anleggskonferanse i fylket. Dette vil vi fortsetje med. Denne konferansen er ein viktig arena der vi som arkitektar kan verte meir synlege for resten av bransjen i fylket. I tillegg ser vi det som viktig å auke samarbeidet med dei andre lokallaga på vestlandet, og vi vil difor prioritere dette arbeidet framover.
Det er sjeldan at det vert gjennomført større, internasjonale konkurransar her i fylket. Endå sjeldnare er det at lokale kontor gjer seg gjeldande i slike. Det er difor svært gledeleg at Nordplan i samarbeid med Mestres Waage Arquitectes og 70N vann konkurransen om nytt rådhus i Førde. Vi håpar prosjektet vert gjennomført og ønskjer fleire slike konkurransar velkomne til fylket!