SoFA med innspel
På midten av 1990-talet låg Sogn og Fjordane langt framme i tettstadforming. Anker Ryhl, overarkitekt i fylkeskommunen, dreiv fram «Forsøksringen for byggeskikk, bygningsmiljø og tettstadsforming» til eit nasjonalt føredøme.
Da han døde i 1997, og den politiske miljøpendelen svinga attende, skjedde det ikkje så mykje meir på den fronten, om enn Årdal kommune fekk Miljøverndepartementets bymiljøpris i 2004 for arbeidet på Årdalstangen. (Sjå Arkitektnytt 19/04 side 6 og 18.)
Eg var i Førde i 1996 på Forsøksringens tolvte og siste samling for å intervjue Anker Ryhl, og hugsar at han nemnde på ingeniørane i Årdal i ein kommentar til meg. Det var så flott at dei som ikkje var arkitektar, ville vere med i arbeidet.
Sogn og Fjordane Arkitektlag (SoFA), med leiar Arne Lerum i spissen, sende 18. november i fjor eit brev til fylkeskommunen og bad om ein ny giv for tettstadsopprustinga i fylket med referanse til NALs handlingsprogram, med betre kvalitet i by- og tettstadsutvikling som ei av tre flaggsaker, og til Stortingsmelding nr. 23 (2001–2002) for betre miljø i byar og tettstader.
I brevet står mellom anna: «Sogn og Fjordane fylkeskommune var fram til midten av 90-åra førande i landet når det galdt arbeidet med opprusting av tettstadsmiljø. Det vart drive eit aktivt arbeid med fagleg bevisstgjering av kommunar, statsetatar, næringsdrivande og andre som er ansvarlege for det fysiske miljøet i tettstadene i fylket. Arbeidet vart lagt merke til sentralt og av andre fylke og kommunar som tok opp tråden, Sogn og Fjordane var kjent for den høge kompetansen vi hadde på dette området. (...) Staten støtta opp om opprustingsarbeidet ved å tildele fylkeskommunane midlar som var øyremerka for gjennomføring av opprustingstiltak i tettstadane. Desse midlane kunne dekke ein stor del av kostnaden til slike tiltak og var ei viktig «gulrot» for kommunane for å få gjennomført betring av tettstadsmiljø.»
SoFA peikar på at fylkeskommunen ikkje sette av middel til slike tiltak i 2004, noko arkitektlaget finn «svært uheldig». Opprustinga av tettstadene må drivast kontinuerleg, heiter det. «Det er særleg viktig at fylkeskommunen bidreg til å halde oppe kompetansen i eit fylke der fagmiljøet er lite og sårbart.»
SoFA bad difor om at middel blei sett av i 2005, sende ut ei pressemelding og fekk oppslag i NRKs lokalradio. Resultatet vart eit tilsagn frå fylkeskommunen om middel til opprusting i år, truleg tre millionar kroner til deling på ulike tiltak.
Initiativet frå SoFA kan resultere i at arbeidet med sentrumsparken i Sogndalsfjøra får ein flygande start. Kan hende rykkjer Sogn og Fjordane opp att i elitedivisjonen – ikkje berre i fotball, men òg i tettstadsforming?