Snøhetta-paviljong med pris til finale
Reinsdyrpaviljongen på Hjerkinn har vorte premiert på World Architectural Festival i Barcelona og er med i finalen i dag 4. november.
Den nye paviljongen på Tverrfjellet har retteleg slått an. Han vart kåra til Nordens beste byggverk på Arkitekturmässan i Göteborg for berre nokre få dagar sidan, og no er han løfta fram som «World Display Building of the Year» i Barcelona.
Paviljongens arkitektoniske idé byggjer på landskapets unike kvalitetar med vekt på å nyttje materialar som varer, heiter det i omtala på nettsida til festivalen. Form og materialbruk stør seg til lokale tradisjonar. Samstundes har ein nyttja avansert teknologi i formgivinga og fabrikasjonen. Norske skipsbyggjarar frå Hardanger har vore i hovudrolla under bygginga.
I alt 14 byggverk fekk prisar på Barcelona-festivalens andre dag. Alle blir med til kåringa av dei tre hovudvinnarane: «World Building of the Year 2011», «Structural Project of the Year 2011» og «Future Project of the Year 2011». Ein «superjury» med Michael Sorkin som leiar står for dei avsluttande utpeikingane.
Sjå presentasjonen av paviljongen her.