Selvangivelsen: Stiv kuling
– Vi meiner klimautfordringane er eit symptom på eit større problem der vi fjernar oss frå både naturen og vår eiga historie og kultur, seier kvartetten i Stiv kuling.
Fra papirutgaven Arkitektnytt 08/2020

Hvem? Stiv kuling arkitekter
Hvor? Lista og Sogndal
Antall ansatte i 2020: 4,5
Antall ansatte i 2019: 4,5
Antall ansatte i 2018: 4
Fagfordeling: Alle er master i arkitektur.
Omsetning i 2019: 3,4 millionar kroner
Omsetning i 2018: 2,4 millionar kroner
Omsetning i 2017: 2,2 millionar kroner
Timepris: 960,- til 1080,-
Hvilke oppgaver det er brukt flest timer på det siste året?
Prosjektering av ny gang- og sykkelbru over Sogndalselvi.
Hvilke oppdragsgivere faktureres denne måneden?
Sogndal kommune, Høgskulen på Vestlandet og ein del private oppdragsgivarar.
Hvilken eierstruktur har dere?
Aksjeselskap der alle 4 faste tilsette er partnarar og styremedlemmar.
Hvilken organisasjonsstruktur har dere?
Avdelingskontor i Sogn og Lista.
Minste pågående prosjekt i omsetning:
Førelesning og modellverkstad med Høgskulen på Vestlandet.
Største pågående prosjekt i omsetning:
Ny gang- og sykkelbru over Sogndalselvi.
Hvordan er mulighetene i 2020? Har korona påvirket hverdagen deres?
2020 ser OK ut. Talet på nye førespurnader etter mars var lågare enn normalt, men dette ser ut til å ha justert seg tilbake til noko som liknar normalen.
Hva blir de viktigste satsingsområdene de neste to til tre årene?
Som eit relativt lite distriktskontor er vi innom mange ulike typar prosjekt; bruer, hytter, bustader, bygårdar, kontorbygg, næringsbygg, vitjingssenter, innfallsportar, servicebygg med meir. Ved gjennomføring av gode referanseprosjekt vonar vi at både det geografiske nedslagsfeltet og prosjektbreidda held fram med å vekse. Avdelingskontoret i Sogndal har saman med to andre aktørar etablert nytt firma, Klynga AS, som er ei vidareføring av eit tidlegare tverrfagleg prosjekt, Framtidas hyttegrend. Dette vonar vi og å bruke ein del tid på dei komande åra.
Ved avdelinga på Lista jobbar vi med å skape ein formidlingsarena der kulturarv, kulturberarar og miljøperspektiv vil vere avgjerande element. Ved å leggje til rette for studentar, forskarar, born, ungdom med meir, skapast det tverrfaglege og umiddelbare møter og prosjekt basert på ulike initiativ og engasjement, framfor tradisjonell problemløysing. To av oss har deltidsstilling ved Arkitekturhøgskolen i Oslo og gjennomfører semesterkurs frå og på Lista.
I hvilken grad påvirker klimaspørsmålet og utslippsmål hvordan dere arbeider i det daglige?
Vi meiner klimautfordringane er eit symptom på eit større problem der vi fjernar oss frå både naturen og vår eiga historie og kultur. Dei radikale prosjekta syner ofte dette best, men når sjeldan opp. Berekraft, sambruk, gjenbruk og nøkternheit har vore regelen framfor unntaket opp gjennom historia. I våre prosjekt er vi opptekne av å lage gode innemiljø med berekraftige og robust materialbruk, som skal overleve skiftande trendar. Vi har jobba med strukturar og bruksmønster (delingsøkonomi) som kan redusere presset på nedbygging av utmark ved hyttebygging. I Europan 2009 lot vi naturen med all sitt liv og leven ta over Vardø. I konkurranseforslaget til Tananger torg dyrka vi det allereie eksisterande miljøet som var der, frå krabbefiskaren og rånare, til alger og sopp i fjæresteinane, framfor ei maksimal profittutnytting av tomta.
Hvordan er organisasjonsgrad, samarbeid mellom ansatte og ledelse, arbeidsbetingelser og arbeidsforhold?
Med ein flat struktur er alle medverkande og ansvarlege for den daglege drifta, inntening, arbeidsforhold og grunnlag for lønn. Firmaet dekker gratis varm lunsj kvar dag og trening/yoga etter eige ønskje.
Suksesskriterier:
Gjennomførte prosjekt av høg kvalitet, marknadsføring og godt ry er eit godt grunnlag for nye oppdrag.