Nyheter

Russisk halmstrå

Stiftinga BRO vil fremme økologisk byggeskikk i Russland. Den tradisjonelle trearkitekturen på landsbygda forfall i sovjettida, og det finst knapt ein god handverkar igjen. Difor har BRO starta halmhusbyggekurs i Rysjkova.


Bustadhus i Svetlana. Nordmenn bygde veggane, russarane bygde taket. Det passa ikkje heilt i hop med det same...
Rysjkova
Liten landsby sør for Ladoga-sjøen, ikkje langt frå Staraja Ladoga, den gamle vikingbyen Aldeigjuborg. Her ligg leirskulen Schkolnyj Dom Ryschkowo.

Camphill Svetlana
Den einaste antroposofiske landsbyen for funksjonshemma i Russland. (Jamfør Landsbystiftelsen i Noreg.)
www.camphillsvetlana.org

BRO (tidlegare Brobyggerskolen)
Uavhengig og ideell stifting som arrangerer kurs i økologiske byggmetodar med fokus på halm-, leire- og kubbeteknikkar. Målet er å fremje miljø- og ressursvennlege hus i Aust-Europa og bygge opp eit kurssenter og skuleanlegg på Rysjkova. BRO vil bidra til kunnskaps- og kulturutveksling i samband til dette og er samstundes eit hjelpeprosjekt for å bygge opp eit godt butilbod for funksjonshemma i Svetlana Village.

Deltakarar på byggreisene betaler kring 2500 kroner for 14 dagar, inkludert reise, opphald, kurs og visum. BRO vert finansiert av UD og Landsbystiftelsen i Norge (Camphill), i tillegg til sponsormidlar og gåver.

www.naturligbyggeri.no (sida er under oppbygging)
www.brobygg.no
Russland har ingen tradisjonar for halmhusbygging. Dette har sivilarkitekt Rolf Jacobsen i GAIA Tjøme tenkt å gjere noko med.

– Halm kombinert med fleire lag leirpuss gjev ein betre standard enn folk har frå før, til ein rimelegare pris, forklarer arkitekten, som også trur på ringverknader ved at økologiske byggemetodar vert introduserte og spreidde både lokalt og i fylket Leningradskij Kraj.

Attende til naturen
I fleire år har BRO (sjå faktaboks) arrangert byggeturar til den vesle landsbyen ved Ladogasjøen aust for St. Petersburg. Denne gongen deltek seks elevar frå Sogn Jord- og Hagebruksskule og fem frå Fyresdal vidaregåande Steinerskule saman med sine respektive rektorar og andre friviljuge.

Men kva har idealistiske nordmenn å lære bort til russarar, som har klart seg sjølv gjennom hundreåra i eit på alle vis tøft klima?
 
– Kunnskapen om tradisjonell husbygging på landsbygda forsvann i sovjettida. Det vart lågstatus å bu i laftehus, styresmaktene ville helst at folk skulle bu i betonghus og blokker i byen. Alle dei tradisjonelle trehusa i landsbyen her står til nedfalls, fortel Jacobsen. Difor satsar han og resten av stiftinga BRO langsiktig på halmhus i Rysjkova, både for å fremme økologiske byggemetodar og hjelpe russiske idealistar med å utvide leirskulen i Rysjkova, driven av Boris Suchorukov og Katja Schichalijewa. Sia 2000 har dei gjeve ungar og  skuleklasser eit eineståande tilbod.

Internasjonal kursstad
Rolf Jacobsen er alle stader, med råd og tips, med ros og litt ris, han stråler. Det er her han aller helst vil vere, med ein hammar dinglande i handa.

– Halmhus fungerer godt her kor det er lite pengar, strenge vintrar og overskot av folk som kan arbeide. Vi har ideane om økologisk husbygging, men prøver å komplementere med lokale kunnskapar og krefter. Til dømes skal ein omnsmeister frå Uralfjella kome hit til hausten og lære oss å byggje omnar, fortel han. Men det er ein balansegang.

– Vi viser folk korleis ting kan gjerast, men likevel held folk fram med å gjere feil. Noko skuldast språkproblem, noko at ein er tvungen til å bruke dei billegaste materiala som er å få tak i.
Planane vidare er å byggje ut skuleanlegget slik at det kan fungere både som leirskule for russiske ungar og base for dei norske byggegruppene. Bustadhuset er ferdig, banjaen, den russiske badstova, er også ferdig når dette står på trykk. Gjestehuset skal stå klart til neste vår.
– I tillegg skal BRO bruke Rysjkova som kursstad for ungdom frå heile Norden og som mål for byggreiser for vaksne som ynskjer å lære halmhusbygging. Etter kvart som fasilitetane vert betre, vonar vi å arrangere andre kurs her, til dømes i foto og russisk, fortel den engasjerte arkitekten.

Tømrar mot straumen
Tømrarmeister Torstein Kristiansen frå Trondheim heng oppunder taket på det nye gjestehuset. Det er ikkje mange fagfolk att på den russiske landsbygda. Dei flinke har følgt straumen til Moskva og St. Petersburg, eller enda lengre vestover. Trønderen har alltid vore interessert i alternativ bygging. Som sivilarkitekten har tømraren tapt hjarte og arbeidsnevar til leirskuleprosjektet i Rysjkova.

– Det skjer ei enorm folkevandring – nei, ei handverkarvandring! – vestover. Polakkane kjem til Noreg. Russarane dreg til Polen. I enden av denne straumen, på den fattige landsbygda og i dei gamle sovjetstatane, der alt klappa saman etter perestrojkaen, vert det fritt for fagfolk, seier tømrarmeisteren, som truleg er den einaste som reiste motsett veg første gongen han kom hit for fire år sia. Men det er ikkje berre i Russland at fagkunnskapen forsvinn, meiner han.
– Det er eit forfall i kunnskapen om økologisk bygging i Trondheim, i heile Noreg.

Byggeklossar i halm
BRO nyttar ein internasjonal byggeteknikk. Halmballane vert lagt oppå kvarandre som legoklossar og pussa med leire eller kalk. Leira kjem frå St. Petersburg, halmen frå Svetlana, som har si eiga halmpresse. Det er ein viktig del av økologisk bygging at materiala er lokale. Formgjevaren Christophe Pinck legg siste hand på det eine vindauget i gjestehuset. Han er opphavleg frå Tyskland, og jobbar til liks med Jacobsen for GAIA Arkitekter.

– Vi betaler for å vere med å jobbe, ler han, i Russland for første gong. Dei får ei praktisk innføring i halmhusbygging, men samstundes eit lite innblikk i russisk kultur, det er flott, tykkjer han. I går var han på Svetlana (sjå faktaboks) og planta ut selleri. På andre sida av elva ligg nemleg den einaste Camphill-landsbyen for funksjonshemma i Russland. Det norske engasjementet starta nettopp her for ti år sida, med bygging av bustadhus i halm. Landsbyen og leirskulen er nær knytt til kvarandre, og planen er å byggje fleire hus for landsbyen når gjestehuset på leirskulen står ferdig.

Resirkulering
– Dette er eit veldig filosofisk opphald, ein møter andre med same verdigrunnlag som ein sjølv, men får samstundes nye perspektiv, seier Christophe, som har lært mykje av samarbeidet med russarane. Kjærasten Juliane Josephsen er også formgjevar, og fortel at ho av og til har ei skamkjensle inni seg for at ho er norsk. Difor arbeider ho mykje med redesign, med å skape nye ting av gamle ting. Halmhus er jo delvis resirkulering.

Hanne Margrethe Habel frå Bærum ringer i matklokka. Svoltne og sveitte husbyggarar kjem strøymande inn i den tronge matsalen med to langbord, store suppegryter og herleg lukt av ferske urter som veks i hagen til Katja. Dei får servert saljanka – ei russisk spikarsuppe med grønsakar og kokt bokkveite til.

– Eg vil attende hit, det er viktig og inspirerande, seier Habel. Ho reknar med at dette er den første av mange turar til Rysjkova, sjølv om ho no har søkt på sosionomutdanning. Alle seier det same. Vi må attende. Det er bruk for oss her!


Bustadhus i Rysjkova: Estetikken i dei mjuke, upresise linene i halmhus fascinerer sivilarkitekt Rolf Jacobsen.
Bustadhus i Rysjkova: Estetikken i dei mjuke, upresise linene i halmhus fascinerer sivilarkitekt Rolf Jacobsen.
Marius Stiansen er lærling hos tømrarmeister Torstein Kristiansen, og byggjer tak.
Marius Stiansen er lærling hos tømrarmeister Torstein Kristiansen, og byggjer tak.
Arbeidsgjeng. Leira har størkna i blandemaskina, og Russland har bitt seg fast i sjela til unge og litt eldre på byggetur til Rysjkova; frå venstre Romina Potzka, Anders Malte Gustavson, Ine Kristiansen, ein namnlaus russar og Rolf Jacobsen.
Arbeidsgjeng. Leira har størkna i blandemaskina, og Russland har bitt seg fast i sjela til unge og litt eldre på byggetur til Rysjkova; frå venstre Romina Potzka, Anders Malte Gustavson, Ine Kristiansen, ein namnlaus russar og Rolf Jacobsen.
Boris Suchorukov og Katja Schichalijewa bur i det første halmhuset BRO bygde på Rysjkova. Men arka vil ikkje sivilarkitekt Rolf Jacobsen ha æra for!
Boris Suchorukov og Katja Schichalijewa bur i det første halmhuset BRO bygde på Rysjkova. Men arka vil ikkje sivilarkitekt Rolf Jacobsen ha æra for!