Nyheter

Runner-up: Haugen/Zohar Arkitekter

Det unge Oslo-baserte arkitektkontoret Haugen/Zohar Arkitekter kom nær toppen i Awards-kåringa til The Architectural Review.


Hule Hi står i Breidablikk barnehage i Trondheim. Foto: Grethe Fredriksen

Spania og Japan merka seg ut som landa med flest kontor på premielista til «The AR Awards for Emerging Architecture» i år, lagt fram 23. november, da utstillinga på RIBA i London vart opna. Det var over 300 unge deltakarar frå 41 land, og Spania fekk ein av to vinnarar, Creus & Carrasco arquitectos, to av fire «runner-up», og tre av ti «highly commended». Den andre vinnaren var thailandske Boonserm Premthada.

 

Haugen/Zohar Arkitekter hevda Noregs ry som eitt av fire «runner-up»-kontor med det særskilte Hule Hi-prosjektet for Breidablikk barnehage i Trondheim, teikna av arkitektane Espen Bærheim, Marit Justine Haugen og Dan Zohar.

 

Den 3,7 meter høge holekonstuksjonen er gjort av 1,5 tonn innsamla industriavfall, og arkitektane har vorte inspirerte av naturlege holar som stader for å gøyme seg, klatre, utforske og fortape seg, meiner juryen, som «vart forført av det genuine i prosjektet» og av «korleis vanlege rest-material er gitt ein ny dynamisk funksjon».

 

No får prosjektet internasjonal merksemd gjennom det engelske arkitekturmagasinet. Utstillinga blir ståande ut februar.

 

Les meir om prosjektet på architectural-review.com