Nyheter

Rintala Eggertsson og Helen & Hard heidra

World Architecture News.com har funne to norske arkitektkontor som går føre og viser nye veg i det nye århundret.

Sjøormtårnet på Bjørgeøyane av Rintala Eggertsson Arkitekter. Foto: Dag Jenssen

Tildelingane av dei årlege «WAN Awards» byggjer på ein internasjonal konkurranse for alle kvalifiserte arkitektar. Målet er å finne utøvarar «whose directional ideas are helping to shape the future of architecture». På dette framståande laget, anno 2012, er altså Rintala Eggertsson og Helen & Hard komne med.

Rintala Eggertsson Arkitekter «tek arkitekturen inn i sentrum av livet i dag», heiter det i omtala av kontoret. Det har fritt-tenkjande arkitektar som kjem frå ulike kulturar, og som prosjekterer for mykje ulike stader.

Helen & Hard «engasjerer subjektet på ein ny måte i skapingsprosessen», heiter det. Også dette kontoret har ein brei internasjonal stab, og det skaper rom ved å nytte ut særskilte potensial i omgjevnadene.

Link til nettsida WAN Awards

Vennesla bibliotek av Helen & Hard. Foto: Ingebjørg Semb
Vennesla bibliotek av Helen & Hard. Foto: Ingebjørg Semb