Nyheter

Regjeringsbygget R6 flaggar ut?

– I signalbygg som dette bør ein prioritere norsk design.


Regjeringsbygget R6, utan norsk møbeldesign? Ikkje alle vil ha det slik. Illustrasjon: BA Arkitekter AS

Det seier bransjesjef i Norsk Industri, Egil Sundet, til Finansavisen.

 

Det nye regjeringsbygget i Keysers gate 6–8 og Teatergata 9 skal stå klart i juni. Truleg får det berre utanlandske møblar. Finansavisen slo det fast måndag 13. februar: «Norsk signalbygg velger dansk design.» No er det strengt tatt ikkje bygget sjølv som vel møblane sine, men snarare byggherren, i dette tilfellet Statsbygg, eller arkitekten, i dette tilfellet Narud-Stokke-Wiig, men anten det er den eine eller den andre som har drege mest i trådane og utforma anbodet på møblering av huset, er resultatet at berre eitt firma har svara og lagt inn bod, og det er truleg ikkje norsk

 

Skreddarsydd for ikkje-norsk

I alle høve gir det eine tilbodet Statsbygg lite å velje imellom.

 

– Det skjer av og til at vi berre får inn eitt tilbod, og da er det naturleg at vi går inn og ser på heile settet av kriterium på nytt, seier prosjektleiar for R6, Steinar Støre i Statsbygg. Vurderinga av det eine tilbodet vil ta nokre veker.

 

Anbodet til Statsbygg syner strekteikningar henta frå produktarka til det amerikanske firmaet Howe, det sveitsiske Vitra og dei danske firmaene Hay og Carl Hansen.

 

– Presisjonen i teikningane ekskluderer norske produsentar, seier Trygve Aasland. Han er administrerande direktør for den norske møbelprodusenten Fora Form.

 

– Arkitektane har her gått for langt i å bruke fridommen sin til å beskrive møblane dei ønskjer, på vegner av byggherren, meiner han og legg til:

 

– Vi er ikkje invitert til bords. Eg vil tru at forhandlarane våre og andre i bransjen ikkje tek seg bryet med å sende inn tilbod.

 

Mot ein ny, meir open runde?

Steinar Støre i Statsbygg er litt overraska over kritikken for å vere ekskluderande.

 

– Det vanlege er at vi får kjeft for å vere for vage, eller for at vi er for opptatte av pris, seier han og meiner at det har vore høve til å kome med framlegg til andre møbler enn dei illustrerte og målgitte.

 

Egil Sundet, bransjesjef for møbel og interiør i Norsk Industri, godtek ikkje synspunktet til Statsbygg. Han ser ei klar føring i anbodet:

 

– Stolteikningane er så spesifikke at det ikkje er tvil om at dei som har utforma anbodspapira, har hatt eit ønskje om kven som skal vinne, seier han og forklarar at det vanlege er at man berre definerer møbeltype, til dømes «miljømøbel» eller «stol for konferanserom». Med så spesifikke teikningar som i dette tilfellet, burde ein ha spesifisert at teikningane berre var døme på møbel. Statsbygg bør trekkje anbodet tilbake og lyse ut eit nytt for meir opne løysingar, meiner han.

 

Det norske unnataket

Unnataket er åtte loungestolar. Her syner anbodsteikninga ein stol frå norske Fjordfiesta teikna av Hans Brattrud. Det er likevel ikkje nok til å dra det nasjonale i hamn.

 

– I signalbygg som dette bør ein prioritere norsk design, seier Sundet. – Eg skulle likt å sjå eit dansk regjeringsbygg som baud på noko anna enn dansk design.

 

Les mer om Regjeringsbygg R6 på statsbygg.no