Nyheter

Pris og stipend til miljø- og samfunnsmedvetne arkitektar

LPO Arkitekter AS vann Narud Stokke Wiigs jubileumspris for miljø- og energimedveten arkitektur for Vulkan-området ved Akerselva i Oslo, medan Dagur Eggertsson fekk OAFs stipend for videreutdanning.

OAF heidrar Bellonabygget med Narud Stokke Wiigs jubileumspris. Foto: Finn Ståle Felberg

Oslo Arkitektforenings pop-up-arrangement i toppetasjen til Oslo kommunes plan- og bygningsetat 3. mars danna ramma for offentleggjeringa av dei to tildelingane.

 

Vulkan-området

LPO Arkitekter fekk miljøprisen for planen kontoret har laga for heile Vulkan-området og for utforminga av Bellonahuset særskilt. Det var ein soleklar vinnar, ifølgje Oslo arkitektforenings stipendkomité.

 

Energibehovet for Bellonahuset er stipulert til fjerdeparten av det vanlege for eit kontorbygg i Oslo. LPO har integrert miljøaspekta på eit eksemplarisk vis i den arkitektoniske løysinga, meiner stipendkomiteen.

 

LPO vil ifølgje eiga nettside bruke jubileumsprisen på kr. 50 000 til eit opplegg for workshop/seminar for auka miljøkompetanse.

 

Laos i globalt perspektiv

Dagur Eggertsson er partnar i Rintala Eggertson Architects, eit kontor med internasjonal orientering, som har vore involvert i mange lågbudsjettprosjekt.

 

Eggertsson vil bruke stipendiet frå Oslo Arkitektforening til ei planlagt studiereise til Laos, der bygningsarven er under hardt press frå internasjonale kapitalkrefter og pågåande turistindustri. Han vil sjå nærare på samfunnsendringane. Han er òg invitert til å halde førelesing ved universitetet i hovudstaden.