Nyheter

Premiert på biennalen i Argentina

Marit Haugen Stabell er ein av tre arkitektar i Estudio BaBO, som har vorte premiert på Bienale Internacional de Arquitectura.


Casa JCB, einebustad i Castellón, Spania, prosjektert av Estudio BaBO i samarbeid med Ángel Beltrán Roig arq.

Estudio BaBO vart oppretta i 2007 av tre arkitektar som fann kvarandre i Argentinas hovudstad – Francisco Kocourek frå Buenos Aires, Francesc Planas Penadés frå Barcelona og Marit Haugen Stabell frå Oslo. Alle tre var alt busette der i byen. Namnet på kontoret laga dei av initialane til byane dei kom ifrå. Det unge kontoret prosjekterer i dag for Argentina, Spania og Noreg.

På den internasjonale arkitekturbiennalen i Buenos Aires fekk dei syne eigne verk i Centro Cultural Recoleto frå 8. til 30. oktober, i lag med andre kontor frå heile verda, og laurdag 15. oktober vart premiane på den trettande biennalen delte ut i fleire klasser, mellom anna i tre kategoriar for dei unge.

Estudio BaBO vann «Premio Bienal a la Joven Generación Nacional», biennalens pris til unge nasjonale – det vil seie argentinske – kontor for sine døme på «god design, høgt oppdriven estetikk og detaljert konstruksjon».

 

Sjå oversikt over alle dei premierte på den trettande internasjonale arkitekturbiennalen i Buenos Aires (på spansk).