Planetveien 12 er til sals
Eit modernistisk hovudverk i norsk arkitektur, teikna av Arne Korsmo, kan no bli ditt for innpå åtte millionar kroner. Men byantikvaren har varsla fredningssak.
Arkitektane Arne Korsmo og Christian Norberg-Schulz arbeidde i 1954–55 med å utforme tre samanbygde villaer i Planetveien 10–14, med nummer 10 til tomteeigaren, nr. 12 til Korsmo og nr. 14 til Norberg-Schulz. Husa vart ikkje identiske. Arkitektane hadde ulike idear dei ville prøve ut. Korsmo og kona hans, kunstnaren Grete Prytz Kittelsen, skapte sin eigen arbeidsheim i tråd med eigne behov og ønske. Planetveien 12 inkluderer til dømes eit veggmåleri av venen Gunnar S. Gundersen.
Planetveien 12 er ikkje berre eit særprega byggverk, men òg ein eigedom med framifrå plassering på beste vest- og skogskant ved markagrensa, opp mot Vettakollen.
Huset er konstruert i betong og utvendig kledd med måla plater. Taket er sjølvsagt flatt. Ein baldakin i glass og stål gir ly til inngangsdøra. Store vindauge opnar for mykje lys i huset. Bruttoarealet er 211 kvadratmeter. Elles kan meglaren lokke med terrasse, dobbeltgarasje, hage, peis og breiband. Taksta er kr. 7 750 000.
– Eit spesielt oppdrag, og morosamt! Interessa er stor, men det er kan hende ikkje så mange som vil kjøpe, kommenterer advokat Torbjørn Ek til Arkitektnytt.
Ein av grunnane skal vere varselet om fredning, som kom fra byantikvaren i november i fjor.
Meir å lese og sjå på Finn.
Oppdatering 16. mars: Planetveien 12 ble i går solgt til en ukjent privat kjøper. Også salgsprisen er foreløpig ukjent.